Ved Odda sjukehus har vi poliklinikktilbod innan hjerte, lunge, diabetes, nerfologi (nyresjukdom) og tverrfagleg hjerneslagpoliklinikk. Vi har også søvnpoliklinikk og smertepoliklinikk som har eigne avdelingssider.
For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.
Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.
Kantina ligg i U-etg.Opningstider:Måndag-fredag kl. 10.00-12.30
Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen Opningstider:Måndag-fredag kl. 10.00-18.00. Kiosken har ikkje betalingsterminal.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede.
Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Næraste minibank ligg i Odda sentrum.
Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.
Slik gjer du:1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk
Bruk av trådlaust nett er gratis. Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og hotell. God surfing.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.