Kirurgi Haugesund

Les meir om Kirurgi Haugesund

Kirurgi Haugesund

Auge

Augepoliklinikken behandlar og følgjer opp pasientar med grå stær, grøn stær, diabetes, opphovning i auget og endringar på netthinna.  

Etterstær, grøn stær og netthinnesjukdommar blir behandla med laser. Vi behandlar også endringar ved augelokket og tunge augelokk.

Vi tek imot akutte skadar eller tilstandar etter tilvising frå lege eller optikar. 

Augepoliklinikken held til i 4. etg på Haugesund sjukehus.

Brystdiagnotisk senter

Dagbehandling og kirurgisk poliklinikk

Behandling kirurgisk poliklinikk

Generell kirurgi

All utgreiing, inkludert mamma og endokrin. Det vil seie bryskjertelen og hormonproduserande organ. I hovudsak bryst, skjoldbrusk- og biskjoldbruskkjertel.

Kirurgisk gastro

All utgreiing, inkludert rectoskopi, analultralyd-undersøking. Dette er kirugi og undersøkingar som dreier seg om mage og tarmsystemet.

Kar/thorax

All utgreiing, inkludert dopplerundersøking og ultralydundersøking. Kar/thorax dreier seg i hovudsak om hjarte og blodårer.

Ortopedi

All utgreiing samt ein del mindre ortopediske inngrep. Ortopedisk kirurgi tek for seg røyrsle og støtteapparatet i kroppen. Døme på dette kan vere klumpfot, medfødde hofteleddslukasjon, slitasjesjukdommar og akutte skadar på skjelett-muskel-systemet.

Urologi

All utgreiing. Urologi er læra om sjukdom i nyrene og urinvegane.

Dagkirurgisk eining

Generell kirurgi

Hernie (brokk), varicer (åreknutar), sacralcyster (tvilling), større inngrep som treng meir anestesi.

Barnekirurgi

Hernie (brokk).

Kirurgisk gastro

Hemorroider, galleoperasjon.

Ortopedi

Kikkhullsundersøking, operasjonar av anklar, knær, skuldre, ryggoperasjonar, fjerne osteosyntese (platar, skruar eller naglar som har vore ein del av behandlinga i samband med botskadar), og ein del andre ortopediske inngrep.

Auge

Grå og grøn stær

Gynekologi

Ved Seksjon for gynekologi hjelper vi pasientar med alt frå svangerskapskvalme, abort og underlivssmerter til komplikasjonar etter fødsel.

Hos oss får også kvinner med kreft i underlivet tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og etterbehandling.

Ortopedi, sengepost og poliklinikk

Vi utfører vanlege ortopediske inngrep som hofteprotese, kneprotese, spinalstenose og prolapsoperasjonar.

I tillegg behandlar vi brotskadar og andre skadar som høyrer til fagfeltet. Pasientar med lårhalsbrot er den vanlegaste og mest krevjande pasientgruppa vi har med om lag 200 pasientar i året.

Protesepasientane og ryggpasientane blir innlagde etter søknad frå fastlegen og undersøking hos ortoped.

Avdelinga er praksisplass for sjukepleiarstudentar og hospitantar som kjem frå kommunen. Vi har fast fysioterapeut knytt til posten.

Palliativt team

Når ein nærmar seg sluttfasen i livet grunna sjukdom, kan ein få symptom som kan vere vanskelege å handtere. Det tverrfaglege palliative teamet er spesielt utdanna og trent til å dels sjå etter, finne og lindre dette.

Kva er palliativ behandling?

Palliativ behandling er lindrande behandling. Dette er ei, i aller høgste grad, aktiv behandling. Ordet palliasjon kjem av det latinske ordet pallium som betyr dekke eller teppe.

Kven er det som har behov for palliativ behandling?

Menneske som ikkje kan kurerast av sin sjukdom og som har avgrensa tid igjen å leve er brukargruppa. Dette er ofte pasientar med kreft, men òg pasientar med andre livstruande sjukdommar kan ha behov for denne behandlinga.

Nokre døme på dette er pasientar med nevrologiske sjukdommar som MS eller ALS, hjertesjukdommar som hjertesvikt, eller lungesjukdommar som KOLS.

Det er med andre ord ikkje avgrensa til spesielle sjukdommar.

Korleis gir ein palliativ behandling?

Når ein nærmar seg sluttfasen i livet på grunn av sjukdom kan ein få symptom som kan vere vanskelege å handtere. Dette er til dømes smerter, kvalme eller pustevanskar.

Med spesialistkompetanse i symptomlindring vil det som regel vere mogleg å lindre desse i betydeleg grad. Dette kan involvere diverse smertepumper, spesielle medisinkombinasjonar, kirurgi, strålebehandling eller lindrande kurar med cellegift.

Det er ofte andre spørsmål som òg kan vere vanskelege, som samlivs- eller familieproblem, praktiske problem når ein ønskjer å vere lengst mogleg heime, eller økonomiske spørsmål. Mange treng støtte til å handtere følelsar av sorg og tap. Andelege og eksistensielle behov vil og ofte avdekkast eller oppstå i denne delen av livet. Slike problemstillingar ligg også til palliativt team.

Korleis arbeidar palliativt team?

Palliativt team ser til pasientane etter å ha mottatt tilvising.

Palliativt team ser til tilviste eller innlagde pasientar, og dei kan gjere heimebesøk, besøk på sjukeheim eller møte pasienten poliklinisk.

Kven arbeidar i palliativt team?

Teamet består av ein lege, sjukepleiar, prest, fysioterapeut og sosionom. Andre kan ved behov trekkast inn. Alle i teamet har erfaring og spesialkunnskap innan lindrande behandling.

Sengepost 4 Vest

Overvektskirurgi - informasjon om innlegging og opphald på Haugesund sjukehus (PDF, 466KB)

Urologi

Avdeling for urologi utgreier og behandlar  sjukdomar i urinvegane for menn, kvinner og barn. Urologi omfattar og sjukdommar og tilstandar i dei mannlege kjønnsorgana.

ØNH

Vi driv med utgreiing og behandling av Øyre-Nase-Hals-sjukdommar. Noko som inkluderer snorking og allergi. Vi utfører også dei fleste av dei mest vanlege kirurgiske inngrepa innanfor fagområdet.

Helse Fonna har dessutan eigen høyrselssentral der vi driv med utgreiing og behandling av pasientar med dårleg høyrsel.

Kontakt

Haugesund sjukehus

Besøksadresse
(Google maps)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag17.00-18.30
tysdag17.00-18.30
onsdag17.00-18.30
torsdag17.00-18.30
fredag17.00-18.30
laurdag17.00-18.30
sundag17.00-18.30
Telefon
52 73 20 00

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.30-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

MEIR INFO OM ANDRE RESERVERTE PLASSAR (ØH-plassar, beh.hj.middel osb)

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Brystkrefthttps://helse-fonna.no/behandlinger/brystkreftBrystkreftBBrystkreftBrystkreftBrystkreftBrystkreft
Fjerning av livmortapp (konisering)https://helse-fonna.no/behandlinger/fjerning-av-livmortapp-koniseringFjerning av livmortapp (konisering)FFjerning av livmortapp (konisering)Fjerning av livmortapp (konisering)Fjerning av livmortapp (konisering)Fjerning av livmortapp (konisering)