Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.
www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)
www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 8.00-16.30.
Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede.
Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.
Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.
Det er reserverte plassar blodgivarar, dialyse, behandlingshjelpemidler og enkelte øyeblikkeleg hjelp-plassar. Ta kontakt med aktuell avdeling for meir informasjon om dette.
Slik gjer du:1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar4. Opne nettlesaren igjen og logg på.
Bruk av trådlaust nett er gratis. Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og hotell. Om du ikkje finn nettverket:Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.God surfing.
Gjenståande tekn: 255