Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Øre-nese-hals

Vi undersøker og behandlar dei fleste vanlege sjukdomane og tilstandane innan øyre-nase-hals-faget (ØNH). Avdelinga har poliklinikk, operasjonsavdeling og høyrselsentral.

Poliklinikk: her undersøker og behandlar vi øyre-, nase-, og halssjukdomar og tilstandar, inkludert allergi, søvnapne og øyresus (tinnitus). Vi har poliklinisk tilbod i Haugesund, i Odda og på Stord.

Operasjonsavdelinga: utfører planlagde operasjonar og inngrep.

Høyrselsentralen: vi testar høyrsla, tilpassar høyreapparat og følger opp pasientar med høyrselsutfordringar. Vi har høyrselsentral i Haugesund og på Stord.

Pasientar med mistanke om hode- og halskreft blir undersøkte hos oss. Enkelte av desse pasientane får vidare oppfølging hos oss, men sjølve kreftbehandlinga (som operasjon eller kjemoterapi) skjer ved Haukeland universitetssjukehus.

Stord sjukehus

Ved høyrselsentralen på Stord sjukehus utfører audiografar høyreprøvar, tilpassar høyreaparat og gjennomfører servicetimar for høyreapparat. 

Stord sjukehus har polikliniske konsultasjonar med ØNH-lege.

Endring i 2026

Frå hausten 2026 skal pasientar med bustad på Stord, som har fått tilpassa høyreapparat ved Høyrselsentralen i Helse Fonna, først kontakte kommunen dersom dei opplev problem med høyreapparatet. Dersom det er behov for vidare oppfølging, blir dei tilviste til audiograf for servicetime.

Odda sjukehus

Ved Odda sjukehus har vi to gonger i månaden timar for enkle problem med høyreapparat, og høyrselscreening.

Odda sjukehus har polikliniske konsultasjonar med ØNH-overlege.

Dersom du har problem med høyreapparatet og har fått det tilpassa hos oss, kan du ringe kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Dersom du har ei aktiv tilvising hos oss, kan du sende oss ei digital melding via Helsenorge – din helse på nett. Du må logge inn med BankID eller annan sikker innlogging.

Vi har jamlege kurs for pasientar og pårørande om øyresus (tinnitus). Sjå kommande kurs nedst på sida.

I videoen under ser du kva som skjer når barnet kjem på sjukehuset.

Kontakt

Kontakt ØNH-avdelinga (Haugesund, Stord, Odda)

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Poliklinikken er stengd i helger og på heilagdagar.

Kontakt oss via Helsenorge.no

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland