Våre vanlegaste undersøkingar/behandlingar
- Ultralyd av gravide
- Rutineultralyd av gravide
- Planlagt abort
Spontanabort - Blødningsforstyrringar
- Infeksjonar
- Infertilitet
- Mistanke om kreft i underlivet (Pasientar som treng behandling for gynekologisk kreft blir vist til Haugesund sjukehus eller Haukeland universitetssjukehus. Du kan lese om pakkeforløp ved kreft
på helsenorge.no)
- Muskelknutar i livmor
- Prevensjonsproblem
- Smerteproblematikk
- Ønske om sterilisering
- Urinlekkasje
- Vaginalt framfall
Korleis kan eg få time?
Du må ha tilvising frå fastlege, helsestasjon eller annan legespesialist for å få time hos oss. Når vi har mottatt tilvisinga, vil vi sende deg brev med time for vurdering på poliklinikken.
Du treng ikkje tilvising for å få time til planlagt abort. Då kan du kontakte avdelinga direkte på telefon 52 73 90 00.
Har du fått time til poliklinikken?
Vi ønsker at du tar med deg all relevant informasjon du har om tilstanden din. Det kan vere skriv frå andre legar eller andre du har vore i kontakt med i samband med tilstanden din, oversikt over medisinar du bruker, tidlegare behandling og eventuelt andre helseproblem som kan ha ein samanheng med dei problema du har no.
Eit godt råd er å skrive ned kva du ønsker å fortelje eller spørje legen eller sjukepleiaren om. Det kan ofte vere lett å gløyme ting du har tenkt på i forkant av avtalen. Ta derfor gjerne med deg ein lapp der du har skrive det ned.
Skal du til leggast inn for operasjon hos oss?
Du kjem til avdelinga klokka 11.00 dagen før operasjon (fredag dersom du skal opererast måndag). Då vil vi gå gjennom følgjande med deg:
- Blodprøvar
- Jordmor tar imot deg og gjer undersøkingar som blodtrykk, puls, EKG (dersom du er over 60 år) og urinprøve.
- Jordmor tilviser deg til fysioterapeut ved behov
- LIS 1-lege (turnuslege) tar imot deg og vurderer din fysiske status
- Ein anestesilege kjem og snakkar med deg om type smertelindring under operasjonen
- Eventuelt samtale med gynekolog og undersøking.
Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen. Dersom du vil ha behov for sjukemelding kan du ta dette opp med legen. I nokre tilfeller kan det bli aktuelt å bli henta av ledsager. Dette kjem an på type operasjon.
Skal du til operasjon med heimreise same dag?
Vi tar imot pasientar som skal til dagkirurgiske inngrep. Her utfører vi mindre gynekologiske inngrep som for eksempel urininkontinens, sterilisering og undersøking i narkose. Då kjem du om morgonen, blir tatt imot av jordmor, får ei seng og sjukehusklede. I innkallingsbrevet står det kva du må gjere på førehand. Du får snakke med anestesilege om morgonen om kva type smertelindring som er aktuelt for deg. Dersom du har andre sjukdommar, som for eksempel diabetes eller hjartesjukdommar, vil ikkje operasjonen bli utført som dagkirurgi, men som inneliggjande pasient.
Brukarorganisasjonar
Gynkreftforeningen
Kreftforeningen
Informasjon om prevensjon
Amathea - råd og rettleiing for uplanlagte gravide
Ønskebarn - interesseorganisasjon for ufrivillig barnlause