Pålogging pasientar - CheckwareBrukerveiledning CheckwareTil deg som er pårørande
Vi er på Valen og i Odda, og gir eit allmennpsykiatrisk tilbod til befolkninga over 18 år i opptaksområdet Kvinnherad, Odda, Jondal, Ullensvang og Eidfjord.
Opphaldets varigheit er avhengig av problemstilling og hjelpebehov.
Ofte skjer ei innlegging etter ein periode som kan ha vore utfordrande for pasienten. Du som står pasienten nær kan òg ha hatt det vanskeleg medan dette har foregått. No som pasienten er innlagt hos oss ynskjer vi å formidle at vi skal gjere det vi kan for å ivareta pasienten på ein god måte. Somme tider kan det væra aktuelt med samtalar mellom behandlingspersonalet og deg som pårørande.
Vær merksam på at det ikkje er alle som ynskjer at vi skal snakke med deira pårørande medan dei er i behandling, men vi ynskjer samstundes og legga til rette for at du som pårørande skal kunna føla deg ivareteken. Ta kontakt for ytterlegare informasjon om korleis vi kan bistå.
Familie og vener er velkomne på besøk, men dette bør avtalast på førehand. Det er eigne besøksrom og ei familiestove ein kan nytte til dette. Besøk bør i all
hovudsak leggast til etter klokka 15.00.
Behandlingen består av utredning, fysisk aktivitet, miljøterapi, medisinar, samtaleterapi, nettverksarbeid og anna tilrettelagt aktivitet. Dette vert individuelt tilpassa saman med pasienten.
Kontakt oss
Team allmenn
- Direktetelefon: 53 46 64 81
- Pasienttelefon: 53 46 64 95
Team psykose
- Direktetelefon: 53 46 64 75
- Pasienttelefon: 53 46 64 94