Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samspelet mellom foreldre og barn

Via samspel vil dokker som foreldre gi barnet responsen barnet treng. Det vil bli gitt gradvis rettleiing slik at dokker blir ekspertar på barnet før heimreise.

Foreldre til premature og sjuke nyfødde barn har vært gjennom ein fødsel og ei barseltid som kan vere ukjent for mange. Barseltida blei ikkje  slik ein hadde sett føre seg, og kontakten med barnet er ofte annleis enn om barnet hadde blitt fødd til termin.

Barna har ofte svakare utrykk den første tida. Både for foreldre og sjukepleiar kan det vere vanskeleg å tolke og forstå kva barnet treng av pleie og kontakt.

Barnet ditt er ein sjølvstendig person som seier ifrå om sine ønsker og behov. Det tek tid å bli kjent med barnet og å lære seg å tolke signala det gir. Barnet har behov for stimulering for å utvikle seg, i form av samtale, augekontakt og hud til hud-kontakt. Samtidig har barnet også behov for ro og søvn. Begge dele er viktig.

Når eit barn græt er ikkje barnet nødvendigvis svolten. Det kan ha behov for kontakt eller ro. Det premature barnet kan i tillegg vere ekstra var for kva som skjer rundt seg og kan derfor  ha behov for å bli skjerma frå støy.

Omsyn og råd

  • Små barn sover lett og har korte periodar av djup søvn. Derfor kan dei lett vakne av retting på dyna/teppe, skifte av bleie osv. Det er viktig for utviklinga til barnet at det får sove utan forstyrring. Periodane barnet er vaken blir lengre når barnet nærmer seg termin.
  • Bruk stemmen din når barnet er vaken. Barnet vil kjenne igjen stemma di frå magen. Legg barnet slik at dere kan få augekontakt.  I starten klarar ikkje barnet å feste blikket, men ser på deg ei kort stund. Denne korte sekvensen av blikk-kontakt er normalt.
  • Når barnet lukkar auga eller beskyttar seg med handa, seier barnet at samtalen er over og at barnet er klar for ro og søvn. Det kan da for eksempel bli på brystet til mor eller far.
  • Barnet kan gi dere kontakt tilbake i form av grimasar og smil. Eit barneansikt er som oftast glatt ved behag, og rynkar seg ved ubehag.
  • Barnet treng lys for å utvikle synet. Premature barn som nærmer seg 34 veker bør få endra lyspåvirking frå det dunkle til det normale, med veksling av lys og mørke.
  • Premature barn bør ikkje eksponerast for mange stimuli samtidig.
  • Slå av TV og legg vekk mobilen. Det kan hjelpe med å dempe stress hos barnet. Du aukar også fokus på samspel og ro.
  • Premature barn fortsett ikkje å være små og sårbare. Når termintida kjem skal dei behandlast som barn fødd til tida.

Hud mot hud-kontakt er noko av det beste foreldre kan tilby barnet sitt. Barnet kjenner lukta og varmen til mor og far.

Hud mot hud-kontakt bidrar også til å regulere temperaturen til barnet. Barnet kan ligge utan klede, berre iført bleie, inntil huden til mor eller far.

Det kan vere fint å bruke bæresjal slik at barnet ikkje sklir ned frå brystet. Bæreskjalet  gir også ekstra  sikkerheit dersom begge (mor/far og barn) sovner.

Fordelar med hud mot hud-kontakt:

  • Hud mot hud gir ei god kjensle av nærkontakt og tilknyting.
  • Regulerer termperaturen, pusten og søvnen til barnet. Hudkontakt kan også vere godt for barnet dersom barnet har magesmerter.
  • Når mor og barn har tett kontakt vil det bidra til auka mjølkeproduksjon.
  • Hud mot hud-kontakt med bruk av bæresjal kan nyttast samtidig som man beveger seg rundt i huset eller ute, slik at man kan gjere andre oppgåve.

Les meir om Barnets utvikling 0-5 år | Bufdir  

Sist oppdatert 20.11.2024