Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klima inne og ute

Det er viktig å ta vare på eit sunt inneklima. Røyking er berre tillatt ute.

De må gjerne ta imot gjester, og eldre søsken må kunne ha leikekameratar på besøk. Her er det viktig å spørje om dei som kjem på besøk er friske og at ein så godt som mogleg varetar eit roleg miljø rundt barnet.

Barnet bør opphalde seg i same rom som ein voksen på dagtid.

Vi anbefaler at barnet søv på same rom som foreldra om natta, men ikkje at dei søv saman med foreldre (samsoving). Når barnet skal sove, anbefaler vi at dei søv på rygg og i eiga seng.

Trilletur

Ta gjerne barnet ut på trilletur, men sjekk gradestokken og vurder vind og kulde. Barnet skal ikkje tas med ut når det er under 10 kuldegrader. 

Sove ute

Barnet kan ennå ikkje sove ute alene. 

Køyre bil

Barnet kan køyre bil i babystolen på kortare turar, men vurder å vente med langturar til barnet har blitt større (normalt 3.5 – 4 kg).

Temperatur og klede

Sjekk temperaturen til barnet. Det kan de gjere ved å kjenne bak i nakken eller på magen. Føter og hender kan ofte vere kalde utan at barnet har lav temperatur.

Viss det er kaldt, er det viktig å måle temperaturen på barnet når barnet kjem inn frå tur. Dette kan gi ein peikepinn om klede på neste tur. Normal temperatur er mellom 36.6 og 37.2 grader. Fryser barnet og blir kald, vil barnet føle seg uopplagd og bruke mykje energi på å halde seg varm.

Barnet skal ha klede tilpassa temperaturane rundt.

Vi anbefaler ulltøy både sommar og vinter. Ullbody utan armar på sommar og ullbody med armar og føter på kaldare dagar. Bomull og silke kan brukast om sommeren. Unngå kunstfiber i tøy og i tepper.

Husk at nyfødde taper raskt temperatur frå hovudet, så hugs alltid lue!

Sist oppdatert 20.11.2024