For tidleg fødde barn har dårlegare immunforsvar og blir lettare smitta av infeksjonar. Det er derfor viktig å vere nøye med hygiene. Vask alltid henda godt før mating og stell, og etter bleieskift.
Alle som skal halde barnet bør vaske eller sprite henda sine først.
Særleg om vinteren bærer mange på smitte. Spør dei som vil kome på besøk om dei er friske før dei kjem, og prøv å avgrense kontakt med barn i barnehagealder mest mogleg.
Søskena til barnet må sjølvsagt få delta, men lær dei å vaske hender og unngå hosting og nys på babyen. Dersom større søsken er veldig forkjøla, spesielt i sesongen for luftvegsinfeksjonar, bør ein avgrense omgangen med babyen. Ein måte å avgrense smitte mellom søsken, er å la søsken som går på skole og i barnehage bytte klede etter at dei har kome heim.
Ikkje ta barnet med der det er store folkemengder innandørs, som for eksempel handlesenter, lekeland osv. Dette på grunn av smittefare, men også fordi det lett blir altfor mykje støy og sanseinntrykk for den litle.