Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ernæring

Ernæring kan gis på mange forskjellige måtar. På avdelinga har dokker allereie starta ein prosess, som skal føre fram til at barnet kan klare seg utan sondemat. Før heimreise har dokker saman med sjukepleiar laga ein plan for korleis barnet skal ete når dokker kjem heim.

Her er eit vanleg eksempel:

  • Nettovekta av barnet skal takast ca. 3 gonger i veka, eller etter avtale med sjukepleiar. Barnet skal vegast omtrent på same tidspunkt og før eit måltid.
  • Følg matplanen som er satt opp.
  • Snakk med NAST-sjukepleiar om tilpassingar/endringar i matplanen.
  • Kontakt avdelinga om dokker opplev problem eller er i tvil.

Kvar gong dokker har kontakt med NAST sjukepleiar, enten via videokonsultasjon, telefon eller heimebesøk, vil dokker justere matplanen saman.

I starten av NAST opphaldet er det vanleg at barnet diar og får påfyll av mat via sonde. Dei andre måltida blir barnet mata via sonde.

Ein går ofte over til sju måltid i døgnet. Ein kan la det gå inntil fire timar frå eit måltid til neste. På denne måten får barnet moglegheit til å kjenne svoltskjensle.

4 timar der barnet bestemmer når det vil ha mat

Neste steg er å la barnet regulere seg sjølv over 4 timar éin gong i løpet av døgnet. I denne perioden er det barnet sjølv som bestemmer når det vil ha mat, uavhengig av klokka.

Barnet blir vega etter måltider når det diar, også utanom dei 4 timane. Resten av døgnet blir barnet gitt mat med sonde. Med det oppnår ein at barnet kjenner på svolt i ein avgrensa periode og får sjølv moglegheit til å dekke sitt eige behov.

8 timar der barnet bestemmer når det vil ha mat

Etterkvart kan barnet ete fritt over ein periode på 8 timar. Desse timane kan brukast når som helst i løpet av døgnet. Det kan vere lurt å legge timane til ei tid på døgnet når barnet eter godt.

I løpet av dei timane skal barnet ete kvar gong det har lyst. Resten av døgnet blir barnet mata med sonde. I denne fasen forventar ein ein slakare vektoppgang enn elles.

12 timar der barnet bestemmer når det vil ha mat

Dersom barnet klarer å ete opp mot, eller over ønska mengde, over ein periode på 8 timar og over nokre dagar, kan perioden utvidast til 12 timer med fri eting. Barnet bør i løpet av 12 timar ete omtrent halvparten av døgnmengda si.

  • Unngå at det skjer for mykje som kan forstyrre måltidet.
  • Sitt godt og ver avslappa
  • Unngå støy og uro. Skru ned/av tv og musikk
  • Unngå å bruke mobiltelefon, hald fokus på barnet
  • Pass på at du har alt det du treng og skal bruke i nærleiken

  • Barnet har fleire tunge bleier i døgnet.
  • Barnet virka tilfreds og har vakne periodar som det pleier.
  • Brystet er mindre spent etter amming.
  • Vektoppgangen er ca. 100-200 gram i veka.
  • Dersom du er i tvil, spør oss ved neste samtale. Om det ikkje kan vente, ring NAST eller nyføddavdelinga.

Tips for god sugeteknikk

  • Barnet er vendt mot mor, mage mot mage og tett inntil, med hovudet litt tilbake.
  • Støtt hovudet og nakken til barnet, gjerne ved hjelp av puter/ammepute.
  • Barnet får godt tak på brystvorta.
  • Barnet må kunne puste med nasen.
  • La barnet bestemme tempo sjølv. Nokre ganger treng barnet pausar før det er klart for å suge igjen.
  • Premature barn kan ligge inntil brystet og berre bruke tunga på brystet før det startar å die.
  • Kjevebevegelsane går heilt opp mot øret.
  • Viss kinna til barnet blir sugt inn og det kjem smilehull og/eller viss brystvorta ser veldig «spiss» ut, har barnet ikkje hatt godt nok tak i brystet. Dette kan føre til såre brystvorter.

Nyttige lenker

Sjå engelskspråkleg video om amming: Attaching Your Baby at the Breast - Video - Global Health Media Project

Sjå informasjon om amming på helsenorge.no

Ofte stilte spørsmål om amming på ammehjelpen.no

Når barnet ikkje kan få tilstrekkelig med mjølk gjennom å die eller ta flaske, gis resten av mjølka via sonde. Sonden blir lagt ned på sjukehuset, og sondeplasseringa blir notert ned (antall cm).

Faller sonden ut når dere er heime, må dokker kome inn til nyføddintensiv for å få ei ny. Tidspunktet for å få ny sonde blir vurdert etter behov.

Det er ikkje nødvendig å komme inn om natta for ny sonde viss barnet spiser over halve måltidet sjølv. Dersom dere har fått opplæring og føler dokker trygge, kan dokker legge ned sonden sjølve. Ta kontakt med nyføddintensiv for rettleiing.  

Før måltidet starter, må du sjekke at sonden er plassert riktig. Sjå om sonden ligg ved talet (antall cm) som er avtalt på førehand og om sonden er godt festa med plaster.

Aspirer med ei 2 ml sprøyte for å sjå om sonden er på plass i magesekken. Da skal du få opp litt mjølk eller slim i sonden. Dersom du er usikker på om den ligg rett, kan du amme barnet først og sjekke sonden igjen etterpå før sondinga starter. Dersom du er i tvil, ta kontakt med NAST/Nyføddintensiv.

Start sondemåltidet ved å gi eit lett trykk med stempelet. Måltidet bør ta mellom 15 – 20 minuttar.

Hastigheita kan du regulere ved å heve eller senke sprøyta. Viss sprøyta blir heva, går mjølka raskere ned i magen. Blir sprøyta senka,  går mjølka saktere.  

Måltidet blir avslutta når det ikkje er meir mjølk i sprøyta. Til slutt må det settast 0,5ml luft ned i sonden.

Sprøytene kan brukast fleire gonger og vi anbefaler å skifte sprøyter to gonger i døgnet.

Ved reingjering tas stempelet heilt ut av sprøytene. Alt skal først skyllast i kaldt og så i varmt vann. Sprøytedelene må leggast til tørk.

Pumpeutstyret skal vaskast etter kvar gong det har vore i bruk.

Ta utstyret heilt frå kvarande og skyl i kaldt vann. Vask deretter utstyret i varmt såpevatn. Skyl godt og sett til tørk.

Ein gong i døgnet må pumpeutstyret kokast i minimum fem minuttar.

Flaskene skal først skyllast i kaldt vann. Deretter skal dei vaskast i varmt såpevatn og kokast i minimum fem minuttar. Dette gjeld kvar gong dei blir brukt.  

I nokre tilfelle vil flaskemating vere det beste alternativet.

  • Varmen på mjølka blir kontrollert med ein dråpe på innsida av handleddet ditt. Det skal følast som din eigen temperatur.
  • Barnet bør få tilbod om flaske til alle måltid dersom det er vakent og sugelysten.
  • Barn som blir mata med flaske bør ha den same tette kontakten med mor eller far, mage mot mage, eller ligge på siden med ansiktet vendt mot forelderen.
  • Nokre barn ligg godt på ammepute, som gir god støtte under måltidet.
  • La aldri barnet ligge aleine med flaske.
  • Barnet kan ha bruk for små pausar under måltidet. Som utgangspunkt styrer barnet sjølv desse pausane.
  • Etter flaskemåltidet har barnet behov for å rape.

  • Når barnet har sonde kan tilskotet (vitamin og jern) gis i sonden. Det bør gis saman med måltidet/mjølka. Dersom tilskot ikkje blir gitt saman med måltidet/mjølka, skal sonden sjekkast på same måte som når man gir mjølk (sondemating heime).
  • Når barnet ikkje lenger bruker sonde, kan tilskotet gis med skei eller flaske, blanda med litt mjølk. La skeia ligge på underleppa til barnet og la det suge på skeia slik at tilskotet blir forsiktig trekt inn i munnen.
  • Gir du tilskotet med sprøyte, kan det også gis litt mjølk på sida i munnen til barnet. Gi litt om gongen, slik at barnet venjer seg til smaken og ikkje sett det i halsen.
  • Viss barnet gulper etter tilskotet, gir du ikkje ny dose, men venter til neste tid for tilskotet.
  • Gulp etter å ha fått jern kan vere grå/svart og kan gi flekker på tøy som ikkje går av i vask.
  • Tilskot av Lactulose eller maltekstrakt i mjølka gis etter rettleing frå barnelege før heimreise. Det gis på same måte som beskrive ovanfor. 

Vasslating

Vasslatinga til barnet er ein viktig indikator på om barnet trivst og får i seg mjølk. Barnet bør generelt ha fem til seks våte bleier i døgnet. Enkelte kan oppleve at bleiene blir mindre våte i overgangen frå sondeernæring til berre å die. Det skyldast at barnet får mindre mjølk i sonden og ikkje tek heile mengden frå brystet. Dette er normalt i ein overgangsfase.

Avføring

Mange premature barn har ein «pressande» aktivitet som nødvendigvis ikkje skyldast avføring. Det kan pågå i fleire månadar og er normalt.

Når barnet berre får morsmjølk

  • Fargen på avføringa er gul og konsistensen noko kornete.
  • Fargen på avføringa kan gå mot meir grøn farge ved mageknip, eller viss det er lang tid sidan barnet har hatt avføring.
  • Det er normalt å ha avføring ved alt frå kvart stell til ein gang i veka.

Når barnet får tilskot av morsmjølerstatning eller berre morsmjølkerstatning

  • Bør ha avføring dagleg.
  • Enkelte barn har ikkje avføring dagleg, men har likevel normal bløt konsistens. Dersom barnet ikkje verkar plaga, er dette også normalt.
  • Er avføringa hard og barnet strevar med å ha jamleg avføring, kan de kontakte NAST for rettleiing.
Sist oppdatert 20.11.2024