Under behandlinga kan du nytte deg av TV og trådlaust nettverk. Du får servert eit brødmåltid.
Transport
Pasientar som køyrer sjølv kan få parkeringsbevis for gratis parkering. Vi kan også bestille transport gjennom Pasientreiser for deg.
Gjestedialyse
Når vi har kapasitet, tar vi imot pasientar som ønskjer gjestedialyse. Dette er lettast å få til utanom ferieavviklinga om sommaren.
Utstyr
Avdelinga har Fresenius 5008-maskinar. Sentralt vannrenseanlegg er frå Gambro.