Under opphaldet
Vi har trådlaust nettverk og fjernsyn tilgjengeleg medan du får dialysebehandling.
Parkering og transport
Pasientar i dialysebehandling som køyrer sjølv, får utdelt parkeringstillating for gratis parkering.
Har du behov for drosje til behandling, ordnar vi dette gjennom Pasientreiser. Det er ofte fleire som skal ta same drosje, det blir derfor noko venting.
Dialyse i Sauda
Pasientar som har starta opp dialysebehandling i Haugesund, kan etter avtale få vidare behandling ved Sauda distriktsmedisinske senter dersom dette er nærare heimen.
Gjestedialyse
Vi tilbyr gjestedialyse ved kapasitet. Du må ta kontakt på førehand for å gjere ein avtale. Gjestepasientar kan kome frå inn- og utland, då dialysebehandling er eit internasjonalt samarbeid. Informasjon på polsk: Dializa goscinna. Informasjon på tysk: Feriendialyse
Vi kan hjelpe deg med førespurnad om gjestedialyse dersom du skal innan- eller utanlands. Les meir om dialyse i utlandet.
Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte
LNT har mykje aktuell informasjon og moglegheit for å bestille brosjyrer: www.lnt.no