Sidan vi ofte treng blod i behandlinga av pasientar, er vi avhengige av dei som donerer blod til oss. Dersom du lurer på om du kan bli blodgivar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss, eller sjå www.giblod.no.
På grunn av situasjonen rundt koronavirus gir reiser til utlandet 2 vekers karantene etter heimkomst. Det er også 2 vekers karantene for givarar som har hatt nærkontakt med person med mistenkt eller påvist smitte. Karantenetida gjeld frå då du sist hadde kontakt med vedkomande. For personar med mistenkt eller påvist smitte er karantenetida 14 dagar etter at ein blei fri for symptom.
Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.
Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.
Måndag-sundag: 16.00-17.30
Grunna koronasituasjonen er det eigne retningslinjer for besøk.
Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider
Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.
For å finne enklaste veg til avdelinga du skal på, kan du bruke vårt interaktive kart. Det kan vise deg trappefri adkomst og oversikt over inngangar og heisar. Gå til interaktivt kart.
Publikumskantine finn du i underetasjen. Opningstider: Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.Stengt i helger og heilagdagar.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede.
Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.
Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. For fødande er det mogleg å bli køyrt til fødeavdelinga sin inngang bak sjukehuset.
Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.
Slik gjer du:1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar4. Opne nettlesaren igjen og logg på.
Bruk av trådlaust nett er gratis. Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og hotell. Om du ikkje finn nettverket:Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.God surfing.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.