Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Frivilligkorpset

Treng fleire på laget

Dei frivillige gjer ein fantastisk innsats for både pasientar og tilsette på Haugesund sjukehus – og no kan du bli med.

Publisert 05.04.2023
Sist oppdatert 11.04.2023

– Vi har fått ein kjempekjekk forespørsel frå barneavdelinga om å lage lunsj, pizza, kvelds, bake etc. saman med pasientane. Dette er noko som vi har veldig lyst til å gjennomføre, og i den samanhengen ser vi behovet for å rekruttere fleire frivillige til både dag-  og kveldsvakter, seier Kitty Lind Fremmersvik, frivilligkoordinator i Helse Fonna.

– Vidare jobbar vi også med å få til eit samarbeid med BUP Haugesund (Barne- og ungdomspsykiatrisk) slik at vi som frivillige kan vere til stades på venterommet for barn og unge som treng nokon å snakke med. Det  er viktig å få fram eit lågterskel tilbod og rettleiing til ungdom som er i ein sårbar situasjon. 

Det er stort at vi kan bidra til dette, kjem det frå Lind Fremmersvik. No er vi allereie 52 frivillige og det er verkeleg mykje som har skjedd sidan starten, fortset ho, og vi ser som sagt eit behov for å få med fleire på laget. ​

Frivillige påske - Elisabeth Økland_2.jpg

Kveldsvakt: Frivilligkorpset på Haugesund sjukehus er no også på kveldsvakt. Frå venstre: Kitty Lind Fremmersvik, frivilligkoordinator,  May Samuelsen, Ove Hansen, og Anita Arnøy . Foto: Elisabeth Økland

Første mann ​

Du har kanskje høyrt at «Du treng ikkje vere ei 60 år gammal dame for å bli frivillig». Dette er noko som Ove Hansen har tatt på kornet som første mannlege frivillige i Helse Fonna. Han har ei lang karriere innan helse- og omsorg bak seg, og er ikkje pensjonist ennå, men kjem imponerande nok direkte frå arbeidspulten til vakta som frivillig. Sjølv er han ikkje interessert i å få for mykje fokus på seg , særleg ikkje som «første mann»,  og set fokus på rolla til dei frivillige og kva det betyr for pasientane.

Korleis er det å jobbe som frivillig?

– Det hender ofte at eg kjenner meg trøytt etter arbeidsdagen på kontoret, men ikkje når eg seinare på kvelden går heim herfra. Dette er noko som gir overskot og det er tydeleg at  vi som frivillige utgjer ei viktig rolle for pasientane. Det er også noko fint med at ein får treffe nye menneske og høyre historia deira. Sjølv fortel eg ofte ei fortballhistorie slik at dei kan få eit «pusterom» frå fokuset på pasientforløp og sjukdom.

Av og til kan det også hende at ein treff på eldre pasientar som er voldsomt engstelege. Då gjeld det å bruke den tida som trengst, ofte hjelper det berre å lytte og vere til stades for dei, påpeikar han. I tillegg er organiseringa av vaktene våre på sjukehuset utruleg bra gjennomført, difor kjennest det ikkje som ein jobb når vi følger vaktskjema som er allereie er gjort klart til oss. ​

​Vaktskjema og organisering

Alle dei tre som er på vakt denne kvelden, er samstemde om at organiseringa av frivilligkorpset i Haugesund har «alt og seie» og det kjem mange lovord om koordinatoren deira .

 Kitty er heilt fantastisk! Ho er alltid pålogga og klar med informasjonen som vi måtte trenge for å vere frivillig, kjem det frå Anita Arnøy.

Frivillige påske - Elisabeth Økland_4.jpg

Samarbeid:  Dei frivillige startar ofte vakta med å helse på dei tilsette på avdelinga og informere kvarandre om vaktplanen. Frå venstre: Gro Anita Øverby, geriatrisk sjukepleiar,  og May Samuelsen, frivillig. Foto: Elisabeth Økland


– Eg synest at dei frivillige er eit utruleg bra tilskot til oss i Helse Fonna, seier Gro-Anita Øverby.

Det er også veldig fint at vi har ein tett dialog når det gjeld pasientrom og kven av pasientane som kan trenge ein ekstra prat, det er ikkje alle som får like mykje besøk. For denne gruppa betyr det ekstra mykje at nokon stikker innom og har tid og lyst til til å besøke dei. Ikkje skadar det at dei har med seg kaffe og blad heller, seier sjukepleiaren, som jobbar  på geriatrisk avdeling. 

Frivillige påske - Elisabeth Økland_5.jpg
Vaktskjema: Dei frivillige er godt organisert og prioriterer tida på dei pasientane som treng det mest. Foto: Elisabeth Økland


Kven kan bli frivillig?

– Hos oss er alle velkomne, einaste kravet vi har er at du må vere over 18 år.

​Viss du vel å melde deg som frivillig blir du invitert til eit opent intervju for ein hyggelig prat. Det viktigaste er å vere utadvendt og imøtekommande med pasientane våre. Og så synest vi såklart at det hadde vore stas om fleire menn blir med, seier Kitty.

Ove Hansen oppmoder til det same og meiner at det handler om å tørre å ta steget.

– Kanskje handler det om at det utad verk som vi heile tida triller på ei kaffevogn og at det tradisjonelt er litt feminint. Eg har ikkje svaret på kvifor det er sånn. Men det er viktig å påpeike at jobben som frivillig inneber mykje meir.Du får moglegheita til å utfordre deg sjølv og oppleve utruleg fine pasientmøte, avsluttar han.

 

Varierte arbeidsoppgåver

 Vi er takknemlege for at no har utvida tilbodet vårt til både dag- og kveldsvakter. På kveldsvakt har vi til dømes starta eit samarbeid med Helseekspressen kor våre frivillige står klare for å ta imot pasientane.

– Slik det er no, så har vi ein fast seks vekers turnus eller arbeidsplan. Eg trur det gir ein tryggleik for dei som vel å vere frivillig hos oss og ha faste vakter og vite kor ein skal møte opp til ei kvar tid. Det bidrar også til  å hjelpe pasientane når dei frivillige er trygge i eiga rolle og til dømes  kan vise veg til riktig avdeling, seier Lind Fremmersvik.

– Vi har også samarbeid med akuttmottaket kor vi bidrar med å kunne servere brødmat til pasientane som ventar på behandling. Her kan ein jo fort måtte vente ei stund, så det er godt å sjå korleis enkelte «lyser opp» når vi tar oss tid til å prate litt ekstra med dei.

Vi jobbar veldig variert, og det er mange ulike arbeidsoppgåver i løpet av ein dag, fortset ho.

Ho skryt vidare av gjengen av frivillige som alltid er positive og spreier godt humør omkring på sjukehuset. 

– Dei gjer ein utroleg flott innsats!

Viss du melder deg som frivillig så kan eg love masse latter. Eg håpar vi sjååast!, avsluttar ho.

Er du interessert i å bli frivillig? 

Send e-post til: Kitty Lind Fremmersvik, frivilligkoordinator i Helse Fonna

Frivillige påske - Elisabeth Økland_6.jpg
Kaffevogn: Det er mykje godt til pasientane ( og kanskje også til deg på neste kveldsvakt?) når dei frivillige kjem på besøk. Denne tralla med blad og litt anna snacks er alltid med . Foto: Elisabeth Økland





 




 ​