Berekraftmåla
Berekraft blir av FN definert til å inkludere tre dimensjonar: Klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. FN sine berekraftmål er ein felles arbeidsplan for verda, for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030.
Staten ventar at selskapa skal opptre ansvarleg, og skal vere leiande i arbeidet for å vareta menneskerettar, arbeidstakarrettar, redusere sitt klima- og miljøfotavtrykk og førebyggje økonomisk kriminalitet som, blant, anna korrupsjon og kvitvasking av pengar.
Mål om berekraftig drift
Staten sitt mål som eigar er at også spesialisthelsetenesta driftar berekraftig og har mest mogleg effektiv oppnåing av helsepolitiske mål. Eigarskapsmeldinga viser til ambisjonar, mål og strategiar både innenfor «sosiale forhold», «miljøforhold» og «økonomiske forhold».
Meldinga viser også til ambisjonar, mål og strategiar for korleis statens selskap skal styrast. For alle områda skal spesialisthelsetenesta styre etter prinsipp om å opptre ansvarleg, identifisere og vurdere risiko, muliggjere rapportering og framstå open.
Utgreiing av samfunnsansvar
Utgreiinga av samfunnsansvar er ei oversikt over lovkrav i rekneskapslova, likestillings- og diskrimineringslova og openheitslov, som helseføretaka skal rapportere på i ein offentleg rapport.
Lovverket stiller fleire krav til innhaldet i utgreiinga, blant anna beskriving av vesentlege risikoområde som er avdekt, og tiltak som er sette i verk eller planlagt sette i verk. Utgreiinga skal signerast av styre og administrerande direktør. Det er tilrådd at utgreiinga for samfunnsansvar inngår som vedlegg i årsrapporten til helseføretaka.