Trening for deg som er pasient ved Folgefonn DPS
Velkommen til eit eige treningstilbod for deg som er pasient hos oss.
Treningspoliklinikken er eit treningstilbod som behandling, utan krav til god fysisk form eller forkunnskapar for å delta. Du må likevel vere motiverte for å trene fast to gonger per veke.
Tilbodet blir drifta av fysioterapeut og held til i lokala til Folgefonn DPS i Odda. Treninga er ei kombinasjon av styrke- og kondisjonstrening, og behandlingsforløpet strekk seg over 16 veker.
Opningstid
- Alternativ 1: Onsdag kl. 10.00-11.00 og fredag kl. 10.00-11.00
- Alternativ 2: Onsdag kl. 11.00-12.00 og fredag kl. 11.00-12.00
Nivået og intensiteten tilpassar vi slik at treninga blir best mogleg for deg.
Kvifor vere med?
Målet med treningstilbodet er at du skal få betre kondisjon, auka styrke og færre psykiske symptom.
I tillegg gir fysisk aktivitet betre
- Struktur, meistring og innhald i kvardagen
- Søvnkvalitet
- Konsentrasjon og hugs
- Handtering av stress
- Sosial meistring
- Smertelindring og avspenning
- Vi ønskjer at denne treningsperioda skal motivere deg til å trene vidare på eiga hand i etterkant.
Påmelding
Så lenge du er knytta til ein behandlar på DPS, så kan behandlar sende ei henvising til Treningspoliklinikken. Henvisingane blir behandla fortløpande og fysioterapeut tar kontakt med deg.
Har du spørsmål knytta til tilbodet, eller treng hjelp til korleis du skal få ei henvising, så kan du ta direkte kontakt med fysioterapeut ved å ringe eller sende SMS til 900 35 382.
Økonomi
Treninga vart rekna som ein poliklinisk time, og du betalar ein eigenandel kvar gong, som inngår i frikortordninga.