Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Behandlingsprogramma

eBehandling byggjer på kognitiv atferdsterapi, som har vist seg å være effektiv behandling av depresjon og angstlidingar.

Behandlingsprogram for depresjon, kapittel 1 (pdf)

Behandlingsprogram for sosial angst (PDF)

Behandlingsprogram for panikkliding (PDF)

Kognitiv atferdsterapi er den behandlingsforma som har synt seg mest effektiv ved behandling av depresjon og angstlidingar, og er difor tilrådd som behandlingsform i norske, engelske og svenske retningslinjer.

Måten vi tenkjer på er avgjerande for kva vi føler og korleis vi handlar. I kognitiv atferdsterapi lærer ein å kjenne att og endre måten ein tenker på i situasjonar som medfører angst eller anna ubehag.

Du lurar sikkert på om det er mogleg å bli kvitt angst eller depresjon ved å lese ein tekst på internett. Det er eit godt spørsmål, men eBehandling er meir enn dette. Ein av grunnane til at behandlinga har effekt er at eBehandling er eit program som er basert på læring og øvingar. I tillegg får du, minst ein gang i veka, tilbakemelding og veiledning frå ein eBehandling-behandlar. Liknande behandlingsprogram er gjennomført med svært gode resultat for blant anna panikkliding, sosial angst og depresjon i blant anna Sverige og England. 

Det ser også ut som at betringa held seg over tid. Når vi har lært oss noko blir det ein naturleg del av reaksjonane våre - og vi ber lærdomen med oss og kan bruke den etter at behandlinga er avslutta. 

Vi håpar at du vil lære ny kunnskap og nye ferdigheitar ved å jobbe med eBehandling-behandlingen.

Her er nokre tilbakemeldingar vi har fått frå tidlegare pasientar

  • "Eg er ikkje lenger så redd symptom som kjem med angsten"
  • "Eg forstår angsten og er ikkje lenger så redd han"
  • "Eg er blitt mindre redd for panikkangsten"
  • "Eg har lært at dette er normale reaksjonar for menneske, og at eg ikkje er aleine med å ha eit angstproblem"
  • "Eg har fått tillit til teknikkar som hjelper meg til å meistre angsten"
  • "Eg tenkjer at eg skal klare å takle situasjonar som før synast umogelege"
  • "Eg har lært å puste med magen, no køyrer eg bil"

 

eBehandling nyttar kognitiv atferdsterapi og behandlinga består av skriftleg informasjon og øvingar. Ein viktig del av angstbehandlinga er å systematisk utsetje seg for situasjonar som fører til angst og å arbeide systematisk med korleis ein tolkar og forstår slike situasjonar. I depresjonsprogrammet skal ein også arbeide med tankene, i tillegg til å kome igang med aktivitet.

Det er mengden tid og krefter du legg i arbeidet med behandlinga som har mest å sei for hvor vellykka behandlinga blir. Det er viktig at du virkelig investerer tid og krefter i øvingane, og at du øver jevnt og trutt. 

Jo meir tid du bruker på behandlinga, desto større utbytte får du!

Det er krevande å jobbe med angst og depresjon. Derfor bør du allereie no spørre deg sjølv om du er:

  • motivert for å komme igang med behandling

  • villig til å gjøre arbeidet du må gjennom for å oppnå endring

Ein ting du bør tenke på, er at du trules allerede bruker mye energi på angsten/depresjonen. Den store fordelen med eBehandling er at tida og kreftene du bruker på behandlinga, fører til ei rekke positive forandringar.

Maŋemus ođastuvvon 2024-05-06