Ernæring
Ernæring kan gis på mange forskjellige måtar. På avdelinga har dokker allereie starta ein prosess, som skal føre fram til at barnet kan klare seg utan sondemat. Før heimreise har dokker saman med sjukepleiar laga ein plan for korleis barnet skal ete når dokker kjem heim.
Her er eit vanleg eksempel:
- Nettovekta av barnet skal takast ca. 3 gonger i veka, eller etter avtale med sjukepleiar. Barnet skal vegast omtrent på same tidspunkt og før eit måltid.
- Følg matplanen som er satt opp.
- Snakk med NAST-sjukepleiar om tilpassingar/endringar i matplanen.
- Kontakt avdelinga om dokker opplev problem eller er i tvil.
Kvar gong dokker har kontakt med NAST sjukepleiar, enten via videokonsultasjon, telefon eller heimebesøk, vil dokker justere matplanen saman.
Maŋemus ođastuvvon 2024-11-20