Eldremedisinsk avdeling
Geriatri
Innanfor det geriatriske fagområdet er det spesielt viktig å ikkje berre diagnostisere og behandla sjølve sjukdomen, men også funksjonstapet og dei problema sjukdomen fører med seg for den eldre personen.
Les meir om diagnostisering: diagnose – Store medisinske leksikon
Innlegging
Når du blir innlagd på ei geriatrisk sengeavdeling, vil vi ha fokus på heile mennesket. Når ein blir svekka på grunn av alder, vil mange sjukdommar som oppstår hos eldre føre til tap av funksjon, ikkje berre knytt til det organet som er sjukt, men til heile personen (uførheit/handikap).
Vanlege sjukdommar
Ved alvorlege sjukdommar vil forvirring, også kalla delirium, angst og depresjon, urinlekkasje og ustøheit med falltendens ofte oppstå. Tilfriskningstida (rekonvalesens) er ofte forlenge, og eldre med alvorlege sjukdommar treng derfor ofte lengre tid på å bli friske enn yngre.
Typiske geriatriske sjukdommar er:
- hjerneslag
- demens, som Alzheimers sjukdom og Parkinsons sjukdom
- hjarte- og karsjukdommar
- slitasjesjukdommar som artrose og sjukdommar i beinsystemet, som ofte gir brudd på store bein som lårhalsen.
Diagnosebeskrivingar er henta frå Store medisinske leksikon.
Det geriatriske fagfeltet
I Noreg er geriatri ein spesialitet innan generell indremedisin, og spesialistane kallar vi geriatrikar. Dei fleste geriatrikarar i Noreg jobbar på geriatrisk avdeling på sjukehus, men i aukande grad finn ein også geriatrakarar på sjukeheimar. I andre land kan spesialiststrukturen vere annleis.
Les meir om indremedisin – Store medisinske leksikon
Geriatri er eit tverrfagleg fagfelt der både legar, sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar samarbeider om diagnostikk, behandling og rehabilitering. Ofte samarbeider ein også med sosionomar, logopedar, psykologar og psykiatarar med spesialinteresse for alderspsykiatri, til dømes når det er psykiske eller åtferdsmessige symptom ved demens (APSD).
Les meir om dei ulike fagspesialitetane på Store medisinske leksikon:
Alderspsykiatri
Alderspsykiatri er spesialisthelseteneste for personar som får psykiske lidingar etter at dei er fylt 65 år. Det kan vere angst, depresjon, psykose, demens eller andre psykiatriske sjukdommar.
Utgreiing og behandling kan skje både på poliklinikk, ambulant (utanfor sjukehuset) eller ved innlegging på sengepost. Fagområdet omfattar dei psykiske lidingane som oppstår for første gong i alderdommen.
Les meir om alderspsykiatri – Store medisinske leksikon
Eit komplekst fagfelt
Alderspsykiatri er eit komplekst fagfelt som krev at helsepersonell har god kunnskap frå fleire ulike fagområde. Det er spesielt viktig når det gjeld samspelet mellom aldring, somatiske og psykiske lidingar, og medisinar. Difor krev alderspsykiatri ofte meir legeinnsats enn allmennpsykiatri.
Den kompleksiteten som finst i alderspsykiatrisk arbeid, forutset at den som gir psykiatrisk helsehjelp, må setje av god tid og ofte hente inn hjelp frå fleire faggrupper. Det kan til eksempel vere akutt- og allmennpsykiatri, geriatrisk medisin, nevrologi, nevropsykologi og laboratoriemedisin.
Dersom helse- og/eller praktiske forhold tilseier at du treng å leggjast inn på alderspsykiatrisk sengepost, vil utgreiinga finne stad der.
Eldremedisinsk poliklinikk
Poliklinikken vår ligg i første etasje på Haugesund sjukehus. Her jobbar vi i eit tverrfagleg team som består av alderspsykiater, nevrolog, geriater, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiar og administrativt personell. Teamet vårt arbeider innan alderspsykiatri og geriatrisk medisin.
Hovudoppgåva vår er å kartleggje og utgreie både alderspsykiatriske og geriatriske symptom. Vi gjennomfører også førarkortvurderingar. I tillegg har vi ambulerande tenester der vi gir råd og rettleiing til sjukeheimar. Eldremedisinsk poliklinikk tilbyr også undervisning og arrangerer årlege kurs og konferansar.
Sjå nasjonal retningslinje for demens: Utredning ved mistanke om demens og leges oppfølging etter diagnose - Helsedirektoratet
Utgreiing av demens
Utvida utgreiing ved mistanke om demens bør gjerast i spesialisthelsetenesta når basal utgreiing ikkje har vore tilstrekkeleg for å stille diagnose, når symptoma er vanskelege å vurdere eller atypiske, eller når det er mistanke om at symptom kan vere knytt til ein sjeldan demenssjukdom.
Først blir pasienten tilbode:
- utvida kognitiv undersøking
- magnetisk resonansbilete, ei (MR)-undersøking dersom dette ikkje er gjort dei siste seks månadene. MR-undersøkinga er både for å utelukke andre hjernesjukdommar og som hjelpemiddel for å identifisere mogleg demenssjukdom.
Ved ei uavklart diagnose, vil pasienten få tilbode:
- nevropsykologisk undersøking og/eller
- funksjonelle hjerneundersøkingar med FDG-PET, og/eller DATscan, og/eller qEEG og/eller
- spinalvæskeundersøking
Undersøkingar
Kva undersøkingar som blir aktuelle, avheng av pasientens totale sjukdomsbilete, kliniske symptom og kva for ein demenssjukdom som er mistenkt. Dette avgjerast på individuell basis.
Dersom du nyleg har gjennomgått hjerneslag, hjerneblødning eller blodforgifting, må det gå minst tre månader etter avslutta behandling før du kan kome til utgreiing i poliklinikken vår. Dersom du har ein pågåande infeksjon, eller har hatt ein infeksjon (som covid, influensa, lungebetennelse, urinveisinfeksjon o.l.) på kort tid, må det gå minst seks veker før du kan kome til utgreiing i poliklinikken vår.
Du må kontakte oss for å avlyse timen, og vi vil sette opp ein ny time for deg.
Nasjonalt pasientregister
Pasientar som kjem til kognitiv utgreiing i poliklinikken, blir registrerte i nasjonale pasientregister, sjå Informasjon til pasienter - Nasjonalt senter for aldring og helse
Du kan reservere deg om du ikkje ønskjer å bli registrert i registeret.
Nokre av våre pasientar vil også bli invitert til å delta i forskingsprosjekt, sjå Eldremedisinsk forskingsgruppe - Helse Fonna HF