I dei tilfella der avdelinga har vurdert saka di på nytt og ikkje endrar avgjersle, skal avdelinga sende klagen til Fylkesmannen utan unødig tidsbruk.
Fylkesmannen i Hordaland
Helseavdelinga
Postboks 7310
5020 Bergen
Telefon: 55 57 20 00
E-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no
Pasient- og brukarombodet
Ombodet kan gi deg meir informasjon om pasientrettar og / eller hjelpe deg ved klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Det er gratis å få hjelp frå Pasient- og brukarombodet.
Sjå nettsidene til Pasient- og brukarombodet på helsenorge.no
Pasient- og brukarombodet arbeider for å ivareta pasientars behov, interesser og rettssikkerheit. Ombodet jobbar også for å betre kvaliteten i helsetenesta.
Du kan kontakte Pasient- og brukarombodet om du:
- Ikkje får oppfylt rettane dine som pasient og pårørande
- Er misnøgd med helsehjelpa
- Ønskjer bistand til å løyse konfliktar
- Ønskjer råd og rettleiing
Ombodet kan gi meir informasjon om pasientrettar og / eller hjelpe deg ved eventuell klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE).
Pasient- og brukarombodet har teieplikt og hjelpa er gratis. Du kan vere anonym.
Du kan kontakte pasientombodet i fylket der du bur, uavhengig av kor i spesialisthelsetenesta du har fått helsehjelp.
Kontaktinformasjon
Pasient- og brukarombodet i Hordaland
Telefon: 55 21 80 90
Telefontid: Kl. 09.00-11.00 og kl. 12.30-14.30
E-post: hordaland@pobo.no
Adresse: Vaskerelven 39, 5014 Bergen
Pasient- og brukarombodet i Rogaland
Telefon: 95 33 50 50
Opningstid: måndag til fredag: kl 09.00 - 14.30
E-post: rogaland@pasientbrukerombudet.no
Adresse: Postboks 8100, 4068 Stavanger