Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Karriere- og utviklingsmoglegheiter

I Helse Fonna er vi opptatt av kompetanseheving og utvikling. Her finner du en oversikt over utvalde karriere- og utviklingsmoglegheiter for ulike yrkesgrupper ved sjukehuset.

Vi har samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen og deltar på faste informasjonsmøter om praksismoglegheiter.

Viss du ønskjer praksisplass i Helse Fonna, kan du sende oss førespurnad via rekrutteringsportalen vår: Ledige stillingar hos Helse Fonna HF.

Dialog om arbeidsplass for praksis og koordinering med klinisk eining skjer via utdanningsansvarleg psykologspesialist.

Bolig

Helse Fonna dekker i perioden 2025 til og med 2028 boutgifter for psykologstudentar i eksternpraksis frå universitet i Norge. Vi dekker først og fremst utgifter til leige av sykehusets eigne leiligheter. Dersom desse ikkje er ledige, kan vi dekkje boutgifter på inntil 10.000 kroner per månad. Utgifter blir refundert til praksisstudenten ved at han eller ho registrerer utgiftene via reiseportalen.

Onboarding for psykologstudentar i eksternpraksis

  • Rettleiing kvar veke frå praksisstad
  • Gruppeveiledning
  • Undervisning (internundervisning ved praksisstad og klinikkdekkande fagdagar)
  • Deltaking på konferansen Schizofrenidagane

Spesialiseringsløp for psykologar 

Som psykolog kan du ta fleire spesialiseringsløp. I Helse Fonna har vi behov for spesialistar i: 

  • barne- og ungdomspsykologi 
  • voksenpsykologi 
  • rus- og avhengighetspsykologi 
  • nevropsykologi 

Les meir om spesialistutdanningen for psykologer på psykologforeningen.no 

Videreutdanning 

Som psykologspesialist og psykolog i spesialisering kan du også ta andre aktuelle vidareutdanningar: 

  • ulike former for vidareutdanningar i psykoterapeutiske metoder. 
  • videreutdanning som veileder
  • kurs for å ha inneha vedtakskompetanse 
  • frittståande kurs i utredningsmetodikk og relevante kliniske tema 

Utvikling og fagleg fordjuping

Psykologspesialistar har krav på utdanningspermisjon med lønn i minimum 4 månadar per femårsperiode.  

Forskingsløp 

Helse Fonna har ei sterk forskningskultur og mange psykologar har gjennomført sine doktorgradsforløp hos oss. Klinikk for psykisk helsevern og rus har ulike forskargrupper som tilbyr blant anna data og forskingsstøtte til å gjennomføre doktorgradsløp eller skriftleg arbeid i høve spesialitet.

Dersom du i etter endt utdanning ønsker å kombinera klinisk arbeid med forsking, er det mogeleg å leggje til rette for dette gjennom gode rammer og eit fagleg støttande miljø.

 

Denne sida er under utvikling, og fleire yrker kjem etter kvart.

Sist oppdatert 19.02.2025