Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rammeverk for samfunnsansvar

Spesialisthelsetenesta skal belaste klimaet og naturmangfaldet i minst mogleg grad. Vi skal være opne om prioriteringar og korleis ressursene blir brukte, og vi skal sørgje for at alle som arbeider hos oss eller hos våre leverandørar blir varetekne og sikrast anstendige arbeidsforhold. Vi skal prioritere og ta avgjerder i eit berekraftperspektiv som famnar heile breidda i samfunnsansvaret og har eit rammeverk for det.

Formålet med rammeverket for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta er å klargjere kva rammer/føringar som gjeld for området og korleis vi arbeider med samfunnsansvaret, også oppfølging av statens forventningar til ansvarlege verksemder.

Spesialisthelsetjenestens rammeverk for samfunnsansvar (PDF)

Rammeverket for samfunnsansvar gjeld for dei regionale helseføretaka og helseføretaka i Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Vest og Helse Sør-Øst, ​og felleseigde helseføretak.

Arbeidet med samfunnsansvar skal inngå som del av verksemdstyringa i dei regionale helseføretaka og i helseføretaka. Administrerande direktør skal innrette verksemda slik at føringar og krav knytte til samfunnsansvaret blir oppfylte.

Styra har det overordna ansvaret for å sjå til at verksemdene oppfyller gjeldande føringar og krav til samfunnsansvar.​ Dei regionale helseføretaka skal leggje til rette for regional og nasjonal samordning og koordinering av arbeidet med samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta.​

Sist oppdatert 10.09.2024