Kunngjering om valresultat
Resultatet av val av og blant dei tilsette til representasjon i det regionale helseføretaket og styra i helseføretaka er no klart. Det blei gjort krav om forholdstalsval i alle føretaka. Det kom inn kun éi liste frå kvart helseføretak, bortsett frå Helse Vest IKT der det var to lister.

Kven som står på lista ser du under her, fordelt på føretak. Desse representantane er valde for dei neste to åra:
Klagerett
Ifølgje §42 i valforskriftene er det mogleg å klage på valresultatet. Føretaket, lokal fagforeining og den som har stemmerett har høve til å klage. Klagen skal leverast valstyret, som førebur klagehandsaminga i klagenemnda. Frist for å klage er 14 dagar frå det tidspunktet den som har klagerett har fått melding om vedtaket, men seinast 14 dagar etter valdagen. For meir informasjon om gjennomføringa av valet og klagerett, sjå valforskriftene.
Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka