Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høg kvalitet på tenestene

Helse Fonna skårar svært høgt på mange av dei nasjonale kvalitetsindikatorane. Det blir jobba hardt for å betre kvaliteten på dei områda som ikkje har så godt resultat.

Magne Kydland
Publisert 12.02.2025
En person som holder en presentasjon
Kjartan Sørbø ved ortopedisk avdeling informerte styret om digital oppfølging av brotpasientar, noko som fører til mange positive effektar. Foto: Eirik Dankel

– Openheit om kvalitetsindikatorar er viktig for både pasientar, helsetenesta og helsemyndigheitene. Det er viktig at pasientane har informasjon om kvalitet i helsetenesta og at helsetenesta brukar dette i sitt forbetringsarbeid, seier fagdirektør Andreas Andreassen i Helse Fonna. 

På årets første styremøte presenterte han resultatet frå dei nasjonalt kvalitetsindikatorane, og her ligg Helse Fonna svært høgt på mange område. 

– Helse Fonna arbeider aktivt og kontinuerleg med kvalitetsforbetring, og kvalitetsregister og kvalitetsindikatorar har ei sentral rolle i dette arbeidet. Indikatorane gir oss viktig informasjon om kvaliteten i føretaket og er gode utgangspunkt for forbetringsarbeid. Indikatorane viser at vi innan mange område har svært høg kvalitet, og resultata samanlikna med andre er jamt over gode, og innan fleire område heilt i nasjonal toppklasse. Vidare er det område der vi har svakare resultat og stort potensiale for forbetring. Forbetringsarbeidet må derfor ha to samtidige oppgåver: Å halde den høge kvaliteten der vi allereie er gode og å forbetre kvaliteten der vi ikkje har så gode resultat, slår Andreassen fast. 

Behandling av kreft i tjukk- og endetarm, medikamentbehandling ved blodpropp i hjernen, talet på sjukehusinfeksjonar og infeksjonar etter operasjon er døme på område der Helse Fonna ligg heilt i landstoppen, medan eitt felt der ein ligg dårleg an er forbruk av breidspektra antibiotika. 

Styret var nøgde med gjennomgangen, og at Helse Fonna ligg så godt an.

– Pasientane våre fortener berre det beste. Difor er det så viktig at vi jobbar kontinuerleg med å betra kvaliteten, og det er kjekt å sjå at dette arbeidet gjev så gode resultat. Når sjukdomen rammar og vi treng hjelp frå spesialisthelsetenesta, er vi på vårt mest sårbare. Då er det viktig å vere trygg på at tilbodet har høg kvalitet, seier styreleiar Petter Steen jr. 

En mann og en kvinne som ser på en bærbar datamaskin

Styreleiar Petter Steen jr. og nestleiar Anne Sissel Faugstad er så nøgde med jobben som blir gjort i Helse Fonna at dei førte det inn som vedtak frå styremøtet. Foto: Eirik Dankel

18 saker til Helsetilsynet 

Fagdirektøren orienterte også om arbeidet i Kvalitetsutvalet i Helse Fonna. 

Kvalitetsutvalet er ein viktig del av føretaket sitt arbeid med kvalitet og pasienttryggleik. Kvalitetsutvalet har hatt 10 møte og handsama 70 saker i 2024. Alle alvorlege hendingar som blir melde til Helsetilsynet blir handsama i Kvalitetsutvalet, totalt var det 18 slike hendingar i fjor.  

– Det blei i 2024 oppretta kvalitetsråd i alle klinikkar. Det blir arbeidd fortløpande med å sikre kvaliteten på avviksmeldingar i vårt meldingssystem, Synergi. Talet på uønskte pasienthendingar som blir melde i Synergi er framleis litt aukande, noko Kvalitetsutvalet ser som uttrykk for stadig betre meldekultur. I 2024 var det 3184 Synergi-meldingar om pasientrelaterte hendingar. Talet på meldingar varierer stort mellom dei ulike klinikkane. Mange hendingar er gjentakande og blir melde frå fleire klinikkar. Desse omhandlar fall, legemiddelhandtering, manglande samsvar mellom oppgåver og ressursar, overflytting/overføring av pasientansvar, gjennomføring av behandling/prosedyre og hendingar på tvers av somatikk og psykisk helsevern, opplyser Andreassen. 

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord med bærbare datamaskiner

Fagdirektør Andreas Andreassen gjekk gjennom nasjonale kvalitetsindikatorar og fortalde om arbeidet som blir gjort for å halde oppe kvalitet og pasienttryggleik. Foto: Eirik Dankel

Slepp å møte til kontroll  

Kjartan Sørbø er LIS-lege på ortopedisk avdeling. Han vekte liv i smileband og hausta applaus då han engasjert fortalde styret om eit innovasjonsprosjekt i Helse Vest som går på behovsstyrt oppfølging av brot (overarm, kragebein, ankel, handledd).  

–  Stikkord er digital oppfølging og prosjektet tek føre seg digital oppfølging av pasientar ved hjelp av spørjeskjema. Tilbakemeldingane styrer behovet for oppmøtekontroll, forklarte han. 

 Dette skjema er gjort tilgjengeleg for alle sjukehusa i Helse Vest, inkludert Helse Fonna.   

 – Dei kjem berre på kontroll om det er behov. Vi gjer ingenting, det er ein algoritme som styrer dette utifrå svara dei legg inn, fortel Sørbø. 

 Og resultatet? Heile 63-69 prosent færre fysiske kontrollar. Pluss nøgde pasientar, betre pasienttryggleik, berekraft og økonomi og sist, men ikkje minst: Kortare køar og færre fristbrot. 

Utskrivingsklare pasientar utfordrar drifta 

Drifta i desember er prega av at det var mange fridagar knytt til julehøgtida, og dette påverka både aktiviteten og økonomien. Trass i dette er den samla ventetida for føretaket samla god, med ei gjennomsnittleg ventetid på 59 dagar for behandla pasientar og 60 dagar for ventande pasientar. Alle fagområda er under målkravet for Ventetidsløftet, med unntak av psykisk helsevern for vaksne som ligg tre dagar over i desember.  

– I januar er det ein auke for behandla pasientar som heng saman med ferien i julehøgtida, mens ventetid for ventande er under krava for alle fagområda, noko som er svært positivt med tanke på den vidare utviklinga. Talet på utskrivingsklare pasientar er framleis høgt, og tilsvarande for talet på liggjedøgn. Det er tett kontakt med kommunane det gjeld om dette, men så lenge dette talet ligg såpass høgt, bidreg dette til ei krevjande drift for føretaket og diverre auke i talet på pasientar som må liggje på korridor, summerer administrerande direktør Anders Hovland. 

Han gler seg over at sjukefråværet framleis er lågt, både i desember og for heile 2024. 

– Her vert det gjort eit godt arbeid på fleire område, og dette arbeidet vil ha stort fokus vidare framover, slår Hovland fast. 

Betring på 150 millionar 

Det økonomiske resultatet i desember vart dårlegare enn prognosen per november tyda på, sjølv om resultatet i desember vart positivt. Dette heng mellom anna saman med ei rekke kostnader med effekt over heile året som vart bokført i desember.  

Det samla resultatet for året er ikkje ferdig, men syner førebels eit negativt avvik på 49 millionar kroner. Dette er ei vesentleg betring frå resultatet i 2023 som då var på -185 millionar kroner.  

– Når ein tek høgde for dei samla bevillingane dei to åra, indikerer dette ei vesentleg betring i drifta på nærare 150 millionar. Analysane syner at det er gjort eit svært godt arbeid på alle nivå i organisasjonen som har bidrege både til den betra økonomiske drifta, samstundes som ventetida er kort og kvaliteten på tilboda er god. Det er samstundes vore investert i fleire tiltak som skal styrke føretaket framover, både i form av styrka utdanningskapasitet og innovasjons- og kvalitetsprosjekt som er venta å ha effekt vidare. Dette er eit godt utgangspunkt for arbeidet vidare i 2025, seier Hovland.

Rosar medarbeidarane

Petter Steen jr. oppsummerer økonomien slik: 

– Vi hadde sjølvsagt håpa at vi skulle få eit nullresultat i 2024, men vi kom ikkje heilt i mål. Likevel er ei resultatbetring på om lag 150 millionar kroner imponerande. Her har det vore jobba godt i heile organisasjonen. Snuoperasjonen handlar ikkje berre om å spara pengar. Vi satsar og på kompetansebygging og rekruttering av kvalifiserte medarbeidarar på alle nivå. Slik byggjer vi eit sterkare og meir robust Helse Fonna. Slik skal vi møta krava som blir stilte til oss i åra som kjem, slår styreleiaren fast. 

Fleire i styret uttrykte stor tillit til den jobben som blir gjort i føretaket, på alle nivå. Styret var så nøgde med innsatsen at det blei lagt til eit eige punkt i vedtaket for å få det protokollført: «Styret vil gje ros til leiinga, tillitsvalde og alle tilsette i Helse Fonna for innsatsen dei gjer for å gje pasientane eit stadig betre tilbod.»

En mann og kvinne som smiler

Jorge Del Pino og Gloria Martinsdòttir Hauan er nye i styret. Begge jobbar på Stord sjukehus. Del Pino er føretakstillitsvald i Fagforbundet, medan Hauan er klinikktillitsvald i Sjukepleiarforbundet. Foto: Eirik Dankel

Nye i styret 

Styremøte i februar betyr at nye styremedlemmer kjem inn, og nokre går ut. Dette året er det val av tilsetterepresentantar i styret. Nina Budal og Monica Lindseth går ut av styret, og dei blir erstatta av Jorge Del Pin og Gloria Martinsdòttir Hauan. Heiko Bratke og Andrika Hagfjäll held fram som tilsettrepresentantar. 

Her er dei tilsette sine representantar og varamedlemmer i styret

  • Andrika Hagfjäll, intensivsjukepleiar, Felles akuttmottak, Haugesund sjukehus. Føretakstillitsvald NSF 
  • Jorge Enrique Morales Del Pino, fagarbeidar lager/transport, Stord sjukehus. Føretakstillitsvald. FF 
  • Heiko Bratke, pediater, Haugesund sjukehus. DNLF 
  • Gloria Martinsdòttir Hauan, sjukepleiar, Dialysen Stord sjukehus. Klinikkstillitsvald. NSF 

Varamedlemmer 

  • Herdis Eik, helsefagarbeidar, Psykosepost, Valen sjukehus. FF 
  • Harald Nes, radiolog, Haugesund sjukehus. DNLF 
  • Velaug Kolbeinsen Frøyland, intensivsjukepleiar, MIO, Hjertepost, Haugesund sjukehus. NSF 
  • Linda Pedersen, sekretær, Odda sjukehus. FF
  • Valborg Sekse, operasjonssjukepleiar, Odda sjukehus. NSF 
  • Isabel Espelid, LIS medisin, Haugesund sjukehus. DNLF