Ei gåve til alle barn og ungdom på BUP
Å hjelpe barn som har det vanskeleg er stor og viktig oppgåve. Alle bidrag hjelp.

– Vi satsar på framtida vår, sa Anette Østensen da ho besøkte BUP i dag.
Ho og kollegaene i Eiendomsmegler Vest fekk i fjor nominere kven dei ville gi ei gåve. Det gjorde dei i sin eigen julekalender.
Østensen nominerte BUP og klarte å overtyde mange av sine om at dei var rett mottakar.
– Barn og psykisk helse er viktig, meiner Østensen, – og jobben BUP gjer.
No er 70 000 kroner på veg til glade BUParar. Pengane skal brukast godt til glede for barn og unge.
Det litle ekstra
– Vi har det vi treng til drift, men no kan vi unne oss det vi ikkje har rom for i budsjettet. Vi kan innfri nokre av ønskja til barna, seier Georg Walter Reinhardt, avdelingsleiar for BUP i Helse Fonna.
Det er erfaringskonsulent Gabrielle Leah Dickson eining i.
– Dette kjem skikkeleg bra med, både for pasientar og pårørande, seier ho.
Lista over kva dei ønskjer er lang. For eksempel er det eit leikerom som treng litt kjærleik.
– Brukarstemma er viktig. Eg har lyst til å høyre med barn og ungdommar som er her og også Ungdomsrådet. Dei veit best kva vi treng, seier Dickson.