Felles innsats for å få ned ventetidene
Ventetida er for lang for nokre behandlingar. Regjeringa sitt Ventetidsløft skal bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa, og Helse Fonna har fått ti millionar kroner til dette viktige arbeidet.
Arbeidet med ventetider og fristbrot har vore ei satsing i Helse Vest sidan 2012. Under pandemien måtte sjukehusa prioritere stramt for å sikre nødvendig kapasitet, og ventetidene steig.
I revidert nasjonalbudsjett fekk Helse Vest RHF tildelt ekstra finansiering på 76,7 millionar kroner for å målrette arbeidet for å redusere ventetidene i 2024, det såkalla Ventetidsløftet. No er pengane fordelte, og Helse Fonna får ti av millionane.
– Tiltaka som blir prioritert, skal bli retta mot dei områda som vil gje størst nytte for pasientane i både ressursinnsats og alvorlegheit, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Det er helseføretaka som har valt ut einingar/fagområde med ventetidsutfordringar, foreslått tiltak og gjort greie for forventa effekt av tiltaka. Mange av tiltaka vil vere felles, og det vil vere mykje å lære av kvarandre i regionen.
Glad for drahjelp
For svært mange operasjonstypar er ventetidene lange, samtidig som ikkje all kapasitet er utnytta. Eitt av tiltaka som er føreslått, gjeld forbetring av forløp og operasjonsplanlegging. Det inneber blant anna å auke operasjonskapasiteten på dagkirurgi/dagtid for å totalt sett få auka kapasitet.
– Målretta arbeid har gitt gode resultat for enkelte fag, så her kan vi lære av kvarandre, seier Vikse, som har stor tru på eit regionalt samarbeid på fleire av tiltaka som er foreslått.
Administrerande direktør Anders Hovland i Helse Fonna er glad for å få drahjelp frå departementet og Helse Vest.
– Dette er eit viktig bidrag for å sikre at innbyggjarane opplever at dei får den hjelpa dei treng, når dei treng den innafor den offentlege helsetenesta, seier Hovland, og understrekar kor viktig det er å samarbeide tett med fagmiljøa i føretaket.
– Fagmiljøa, saman med leiarane i Helse Fonna, har allereie gjort eit stort og viktig arbeid for å redusere ventetida. Desse midlane gir oss høve til å styrkje denne innsatsen, fortrinnsvis på ein måte som ivaretar medarbeidarane og den faglege kapasiteten. Denne satsinga er viktig, men må gjerast i godt samarbeid med fagmiljøa og i god samanheng med dei fortløpande faglege vurderingane, seier Hovland.
Vil redusere talet re-planlagde timer
I dag blir 31 prosent av alle polikliniske timer re-planlagt. Ofte skuldast dette at pasienten avlyser eller ikkje møter til timen sin. Flytting av timar fører ofte til at timen blir skyvd lenger fram i tid og at ventetida blir lenger.
For å få ned talet pasientar som ikkje møter til timen, skal Helse Vest ta i bruk “Mitt timevalg” i 2024, som vil legge til rette for at pasientane sjølv kan velje blant aktuelle tidspunkt for første eller ny time.
– Reduksjon i re-planlegging vil frigjere mykje tid for merkantilt personale, som kan nyttast til betre samarbeid og samspel i eininga, fortel Vikse.
Les også: Opererer prostatapasientar på løpande band - Helse Fonna HF (helse-fonna.no)