Statsråden kjem tilbake
Denne veka kjem helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre igjen på besøk til Haugesund sjukehus.
Magne Kydland
Publisert 27.08.2024
Sist oppdatert 13.09.2024
Torsdag kjem helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre på sitt andre besøk på Haugesund sjukehus på under to månader. Sist gong fekk han omvising og møtte pasientar og medarbeidarar på ulike avdelingar.
Legg ned grunnstein
Denne gongen kjem han for å leggje ned grunnsteinen på byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus.
Før ferda går vidare til vår gode nabo, Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus (HSR), får han tid til ein kort tur innom augeavdelinga. Der vil statsråden få høyre meir om oppgåvedeling og kva tiltak dei har gjort for å korte ned ventetidene.