Stabile fødselstal i vår region
Men talet på fødslar i Helse Fonna-regionen er mykje lågare enn for nokre år sidan.
I fjor vart det registrert 1245 fødslar på Haugesund sjukehus, som er nøyaktig same talet som i 2022.
På Stord sjukehus har det dei to siste åra vore under 400 fødslar: 389 i 2022 og 393 i fjor. Aldri før har fødselstalet på Stord sjukehus vore under 400. Går vi ti år tilbake låg årleg fødselstal på rundt 500 på Stord sjukehus og rundt 1500 på Haugesund sjukehus.

Følgjer trenden
– Med unntak av 2021, då det vart fødde fleire barn i heile landet i kjølvatnet av koronapandemien, har fødselstala vore nokså stabile i Helse Fonna dei siste åra, slår Sidsel Petrine Vetås fast. Ho er avdelingsleiar og jordmor ved Haugesund sjukehus.
Avdelingsleiar Isabel Solvang på Stord sjukehus kommenterer fødselstala slik:
– Vi følgjer trenden som elles i landet med gradvis nedgang. Unntaket er 2021.
Det totale fødselstalet i Helse Fonna har dermed, med unntak av 2021, stabilisert seg på mellom 1600 og 1700 fødslar i året. Frå 2017 og åra før var talet over 1800 årleg.

20 prosent færre enn ved årtusenskiftet
Nedgangen er i tråd med landet elles. Folkehelseinstituttet (FHI) melde i fjor at kvinner i Noreg føder 20 prosent færre barn enn for 20 år sidan, målt i talet på fødslar per 1000 kvinne i alderen 15-49 år.
Talet på fødslar går ned, trass i at det blir fleire innbyggjarar.
Tross oppsving i talet på fødslar i 2021, var situasjonen i 2022 den same som før pandemien, at det blei fødd færre barn enn året før.
I 2003 vart det fødd totalt 57393 barn i Noreg. I 2022 var talet 52011.
Det nasjonale talet for 2023 er ikkje offentleggjort endå, men det er lite som tyder på ein oppgang frå 2022.
Utvikling for fødselstal i Helse Fonna
2016 |
2017 |
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
|
Stord |
466 |
472 |
447 |
449 |
423 |
430 |
389 |
393 |
Haugesund |
1445 |
1364 |
1246 |
1284 |
1203 |
1323 |
1245 |
1245 |
Totalt |
1911 |
1836 |
1693 |
1733 |
1626 |
1753 |
1634 |
1638 |