Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slagposten – 30 år med fenomenal utvikling

Kjem du tidsnok til behandling kan du i dag fortsette livet som før etter hjerneslag. Det er ikkje lenge sidan det var umogleg. Haugesund har vore med frå starten av utviklinga.

Eirik Dankel
Publisert 29.11.2024
Sist oppdatert 02.12.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Kamaljit Kaur, Kirsten Solstrand, Ineke HogenEsch og Kjell Magne Lie ved nevrologisk avdeling i Haugesund. (Alle foto: Eirik Dankel)

Først av alt ei god nyheit: Det er i dag færre slag enn for ti år sidan. Kjem du raskt nok til sjukehus er det gode prognosar.

Kva du skal sjå etter finn du på helsenoreg.no.

1. desember er bursdagen til moderne slagbehandling ved Haugesund sjukehus. Sidan starten i 1994 har utviklinga aldri stoppa. Lenger nede kan du sjå fleire bilde frå feiringa av 30-årsdagen.

Pionertida

Men tilbake til starten. Fylkessjukehuset i Haugesund, som det heitte den gong, blei i 1991 med på ei studie der slagpasientar blei samla på nokre rom der dei fekk tilbod om meir fysioterapi og oppfølging enn det som var vanleg ved medisinske sengepostar på den tida.

I tillegg til Haugesund, var Trondheim og Tromsø med på studien. Ansvaret hos oss hadde overlege Sigbjørn Berentsen og sjukepleiar Vigdis Berentsen. Resultata dei oppnådde dei neste to åra var så gode at slagposten blei etablert og opna første adventsdag i 1994.

– Vi var ein av dei første slagpostane i Noreg, fortel Randi Ofstad, tidlegare overlege ved Haugesund sjukehus.

– Ein stor innsats blei lagt ned for å få i stand denne posten.

Utviklinga som ikkje stoppa

Åtte akutte slagsenger og åtte rehabiliteringssenger blei tekne i bruk denne desemberdagen for 30 år sidan. Sjukepleiarar og hjelpepleiarar var det så klart, men også fysioterapeutar, ergoterapeutar og geriatriske sjukepleiarar.

Halvanna år etter blei det dei kalla rehabiliteringssengene omdøypte til nevrologiske senger, og ved starten på det nye årtusenet var det no nok nevrologar til at dei også kunne ha ansvar for slagsengene.

Ei som har vore sentral i avdelingsoppveksten er Ineke HogenEsch. Fram til i fjor var ho avdelingsleiar.

– Det har vore givande å vere med og bygge opp avdelinga. Då eg starta her 1. januar i 1996 var det berre ein poliklinikk med nevrofysiologisk laboratorium, to sekretærar, tre sjukepleiarar og to nevrologar. I april same året opna sengeposten og i 1997 fekk nevrologisk avdeling utdanningsstatus, fortalte ho då.

– No er talet på sekretærar dobla, det er på plass hjelpe- og sjukepleiarar, ei firedobling av talet på overlegar og ikkje minst åtte legar i spesialisering.

Du kan fiske torsk også etter slag

Berre for å avklare, slag er meir som ein samlebetegnelse å rekne. Der 20 prosent av tilfella er bløding i hjernen og 80 prosent er blodpropp. Kva pasienten har vil avgjere behandling.

Å få slag i dag og for 30 år sidan kan gi heilt ulike utfall. Sidan starten har det vore sterk auke i behandlingsmoglegheiter innan nevrologi.

– I starten var det ikkje mogleg å løyse opp blodproppane. Det vi blitt flinkare til. Og pasientane og pårørande kjenner no betre til symptoma. Vårt mål er at alle med slagsymptom kjem raskt nok til sjukehuset, seier Kjell Magne Lie, sjukepleiaren med kanskje lengst fartstid på avdelinga.

Har du slagsymptom ringer du 113 med ein gong!

– Får du hjelp raskt nok kan du altså gå ut frå sjukehuset og fortsette der du slapp, men for mange kan det også skape endringar i livet, forklarar den erfarne sjukepleiaren.

– Etter eit slag mister du ofte moglegheita til å gjere ein del av det du gjorde før. Du kan bli lam ein stad eller miste tale, for eksempel. Mange kan også bli litt deprimert.

Med god oppfølging treng ikkje dette vere noko hinder, tenkjer Lie. Sjølv har han opplevd det fleire gonger.

– Eg hugsar ein slagpasient i 70-åra som hadde fått skade på tale og var lam på høgre side. Han var veldig deprimert. Eg var heldig og fann ut kvifor. Han hadde nettopp fått ny båt og ville ut og fiske. Med rullestol trudde han ikkje det ville gå. Sonen fann ut at det gjekk, og då vi sa det til han… Det smilet gløymer eg ikkje.

Men historia sluttar ikkje der.

– Han kom seinare innom sjukehuset, og då han så meg sa han «Sjå så stor torsk eg fekk» og viste med handa. For meg syner det at du kan ha eit godt liv også etter eit slag.

Kvar er vi i dag?

I Noreg har vi både nevrologiske- og eit fåtals medisinske slagpostar, forklarar Kamaljit Kaur. Ho er overlege og fagansvarleg.

– Felles for alle er at vi gjer det beste for at slagpasientar skal komme seg. Og ikkje minst finn vi risikoen pasienten hadde for å få slag og gjer noko med det.

Som allereie nemnt er det færre slag i dag enn for ti år sidan. Det er fantastiske nyheiter. Fastlegane skal ha ein stor takk.

– Fastlegane er blitt flinkare til å førebygge ved å ha kontroll over blodtrykk, diabetes og kolesterol, men også utfordringar ved livsstil som røyking, lite aktivitet og overvekt.

Resten av helsevesenet skal vi heller ikkje gløyme når ære skal delast ut.

– Hos oss er vi opptatt av at alle yrkesgrupper innan helsesektoren er viktige for å få gode resultat. Både i rehabiliteringa og for å førebygge nye slag, rosar Kaur. 

Gratulerer med dei 30 første, og lukke til med dei neste 30 åra!