Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker i klær

Øver på akutthandtering av forureina personar

Ved Akuttmottaket hjelper dei kvar dag skadde og sjuke personar. Øving er ein viktig del av førebuinga til dei som jobbar her.

Anne Grethe Nilsen
Publisert 04.12.2024
Sist oppdatert 10.12.2024

Nokre ting er meir alvorleg enn andre. Nyleg øvde om lag 50 sjukepleiarar på Akuttmottaket i Haugesund på handtering av pasientar som har vore utsett for farlege stoff som kan ha høg risiko for liv, helse og miljø. 

Dette er ei såkalla CBRNE-øving som jamleg skal gjennomførast av naudetatar i heile landet, som ein del av den nasjonale beredskapen.

CBRNE er ei forkorting av kjemiske (C), biologiske (B), radioaktive (R), nukleære (N) og eksplosive (E) hendingar. Brann i tunnel, kjemiske utslepp frå industri, transportulykke med utslepp av farlege stoff og smittsame sjukdommar er eksempel på CBRNE-hendingar.

En person i et plagg
Viktig å førebu seg

Store CBRNE-hendingar er heldigvis sjeldne, men Akuttmottaket øver på prosedyrar, rutinar og bruk av utstyr - slik at ein er godt førebudd viss mindre og større hendingar skulle skje.

̶  Vi har ennå ikkje hatt større hendingar kor vi har måtte bruke fullt verneutstyr, men vi kan kome borti hendingar der gassar eller smittestoff kan skape uønskte situasjonar. Pandemien er eit eksempel på ei større CBRNE-hending i nyare tid, forklarar avdelingsleiar i Akuttmottaket, Annelin Voraa Steinsnes.

̶  Viss det er mistanke om ei CBRNE-hending med farlege stoff følgjer vi lokale rutinar for å fjerne dei frå pasienten.

En gruppe mennesker i kirurgisk utstyr
Eit eige rom for forureina pasientar

Personar som er blitt utsett for farlege stoff skal alltid vaskast ned før dei kjem inn til Akuttmottaket. Dette gjer vi for å hindre at dei er ein helserisiko for seg sjølv og andre.

Saneringsrommet på Haugesund sjukehus er utstyrt med CBRNE-utstyr, verneutstyr og eige ventilasjonsanlegg. Under pandemien blei rommet brukt som ei smittesluse og alternativ inngang til sjukehuset for Covid-smitta pasientar.

̶  Vi er heldige som har eit eige saneringsrom for slike hendingar, forklarar Steinsnes.

̶  Det er ikkje mange andre sjukehus i landet som har det. Vi er glad for rommet sjølv om vi ikkje har fått mykje bruk for det. Heldigvis...

En person i et plagg
Krev tilvenning

Under øvinga må sjukepleiarane bruke vernedrakt, maske og hanskar. Dei øver på sanering av pasientar som har vore utsett for radioaktivt støv, flytande kjemiske stoff, biologiske giftstoff, eller anna ukjente stoff. 

Akuttsjukepleiar Ida Kristine Ottesen seier at slike øvingar gir mykje læring, men kan også by på overraskingar.

̶  Vi har mange nye sjukepleiarar som ikkje har vore borti slike situasjonar før. Det er ikkje alle som like godt taklar å bruke vernedrakt første gongen dei tar den på seg. Det krev noko tilvenning.

På øvingar får ein moglegheit til å avdekka utfordringar dei ikkje har tenkt på i planlegginga. 

̶  Vi får kjenne på kroppen kor krevjande det er å jobbe og kommunisere med andre når ein har drakt og maske på seg.

Om Akuttmottaket

  • Akuttmottaket behandlar gjennomsnittleg 60 pasientar i døgnet. Årleg utgjer dette ca. 20 000 pasientar.  
  • Akuttmottaket er samlokalisert med AMK-tenesta (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) som handterer 113-nødtelefonar om akutt sjukdom eller skade.