Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking

Opna forskingsdagane på høgskulen

Denne veka starta Forskingsdagane. Med forsking på helse som hovudtema i år, er Helse Fonna ein aktiv bidragsytar i arrangementa som skjer ved Høgskulen på Vestlandet frå 18. til 29. september.

Anne Grethe Nilsen
Publisert 18.09.2024
Sist oppdatert 19.09.2024

Dei neste ni dagane kan publikum møte fleire av våre forskarar på ulike arrangement på høgskulen sitt campus i Haugesund. Der vil dei snakke om praktisk bruk av forsking, ernæring, kosthald, utviklingshemming, og bruk av teknologi i spesialisthelsetenesta. Ein fellesnemnar for all forskinga er å utvekle betre pasienttenester. Arrangementa er opne for alle.  

̶  Vi treng meir kunnskap

Forskingsdagane i Haugesund blei opna onsdag av Statssekretær Usman Ahmad Mushtaq i Helse- og omsorgsdepartementet. Han peikte på viktigheita av forsking innan kosthald og ernæring.

̶  Vi står overfor store helseutfordringar, og då må vi vite at tiltaka vi har i dag er effektive. Her spelar forskinga ei essensiell rolle, då vi treng meir kunnskap for å innrette politikken vår, sa statssekretæren under opninga.  

Forskar på pasienttenester

Kristin Folven, som er doktorgradsstipendiat og forskar i Helse Fonna, presenterte eit av prosjekta kor ho forskar på underernæring hos eldre og førebyggjande tiltak. I forskinga ser ho nærare på underernæring hos eldre pasientar på sjukehus, sjukeheimar og i heimetenesta.

- Underernæring hos eldre er noko som står hjartet mitt nær, sa ho under opninga.

- Det er nødvendig å kome tidleg til, fange opp dei som er i risiko og gi dei tilpassa tiltak, slik at vi kan unngå feil og underernæring, eller sjukdom som følgje av underernæring.

Ein viktig del av verksemda

Å utvikle og forbetre pasienthelsetenester gjennom forsking, innovasjon og teknologi er eit av dei berande prinsippa i verksemda til Helse Fonna. 

 - Forskingsdagane gir oss ein unik moglegheit til å vise fram forskinga som skjer på høgskulen og i Helse Fonna, og ikkje minst det gode kompetansemiljøet og samarbeidet oss imellom. Det gir også eit innblikk i jobbmoglegheiter som finst i institusjonane våre, påpeiker Andreas Andreassen, fagdirektør for fag og forsking i Helse Fonna.

Forskingsdagane i Haugesund blir arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og er ein del av den nasjonale forskingsfestivalen som nå er i sitt 30. år.