Lærlingstart for 20 og ein unik kokk
I år ønskjer vi velkommen ti lærlingar innan ambulanse fag, like mange i helsefag og på Stord har dei ein sjeldan fugl.

Eitt av årets høgdepunkt er våre nye lærlingar.
Dei skal no til sjukehusa i Haugesund og Stord, og ut til våre ambulansestasjonar. Første veka går med til eit omfattande program om alt frå etikk og lovverk til hygiene og hjarte- og lungeredning.
Sjekk kven vi er så heldige å ha med på laget under.
Første på 17 år
På Stord er det litt ekstra spesielt i år. Der ønskjer dei velkommen sin nye lærling i ernæringsfaget kokk.
– Det har ikkje vore lærling her på Stord sjukehus sitt kjøkken sidan 2007, så dette blir ei spennande tid framover, seier funksjonsleiar Ann-Britt Aarnes Sikveland.
Lærlingen heiter Kari Sofie Løland og får allereie supre tilbakemeldingar frå sjefen.
– Ho er blid, triveleg og ei utadvendt jente, så dette vil bli to kjekke år.
Ambulansefag
Årets lærlingar i ambulansefag.

Helsefag
Dei ti lærlingane i helsefag.
