Markerte tett tak
Byggprosjektet ved Haugesund sjukehus er i rute, og begge partar rosar kvarandre for det gode samarbeidet.
Taket på S-blokka er tett, og som seg hør og bør skal arbeidarane feirast med kake og fest. Eller såkalla kranselag. Det skjedde på fredag, og både prosjektdirektør Laila Nemeth i Helse Fonna og prosjektleiar Geir Egil Høvring i GL Prosjektservice er godt nøgde så langt.
– At det er tett tak på S-blokka er ein viktig milepåle, også for oss frå Helse Fonna. Vi må vel innrømme at vi har halde pusten nokre gonger, pga regnvatn som kan finne sine eigne vegar, og med sårbare røntgenlaboratorium under. Men det har gått bra, og det er svært gledeleg at prosjektet held framdriftsplan. Vi har opplevd eit svært godt samarbeid med GL Prosjektservice og deira underleverandørar så langt, seier Nemeth.
– Taket er på, bygget er ikkje heilt tett, men det vil det bli i løpet av dei næraste vekene. Det er kjekt å markere denne milepålen, og særleg viktig er det heidra alle arbeidsfolka som gjer jobben, seier Høvring – og held fram:
– Samarbeidet har vore optimalt så langt mellom oss og byggherren, med god og open kommunikasjon begge vegar, skryt Høvring.
Han understrekar også kor stort fokus HMS har, og ikkje minst at dei i størst mogeleg grad tek omsyn til at drifta av sjukehuset skal gå mest som normalt, og minst mogeleg knirkefritt i høve til støy og vibrasjonar.
Fram til no har det vore mellom 30 og 35 arbeidarar i sving, men etter ferien vil det gradvis auke. På det meste vil om lag 200 arbeidarar vere i sving med byggjeprosjektet. GL Prosjektservice har eit titals underleverandørar. Alle utanom éin er lokale.
Byggjestart for totalentreprisen var i vinter. Bygget skal vere ferdig og overleverast hausten 2026, og innflytting blir i løpet av vinteren 2027.