Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Open kveld om to av dei viktigaste tinga for di eiga helse

Velkommen til Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund, frå 19.00 på onsdag.

Publisert 17.09.2024
En haug med bringebær
Kva skal vi ete? Vi håper du blir klokare etter denne onsdagskvelden.
  • Når: 18. september, klokka 19.00-21.00
  • Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund

Onsdag startar Forskingsdagene ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Vi er med og håper du kjem også.

Alt som skjer finn du på HVL sine sider: Forskingsdagene i Haugesund - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Open forskarkveld om søvn, mat og kosthald,  19.00-21.00

Dette er for absolutt alle. La oss få til ei skikkeleg samling på Høgskulen.

Ta med deg kollegaene dine, ta med deg ein onkel, venninne eller naboen. Vi håper så mange som mogleg kjem til ein spennande kveld om to av dei viktigaste tinga for di eiga helse.

Kva vi eter og korleis vi søv kan gjere store forskjellar på både kort og lang sikt. Du veit jo kor utruleg bra det følast etter ei betre natts søvn, ikkje sant?

Kvelden blir opna av Kenneth Eikeset, klinikkdirektør for psykisk helse og rus, som på framifrå vis leiar oss vidare til kveldens tema.

Alt om arrangementet

Åpen forskerkveld: Søvn, mat og kosthold v/ Geir Sverre Braut, Katrine Marie Haga Nesse, Tone Henriksen, Monica Hermann og Kjersti Blytt - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Lys og mørke, og den utrulege søvnen

Helse Fonna si Tone Henriksen skal gi deg det du treng vite for god søvn. Psykiateren og overlegen har kalla innlegget sitt for «Kroppen er ei klokke». For ein del går ikkje denne klokka heilt riktig. Korleis kan vi bruke lys og mørke som førebygging og behandling?

Veit du forresten nok om søvnen sine fasar? Kjersti Blytt er postdoktor ved HVL og lærer oss meir om kva som skjer når vi søv søtt med hovudet på puta.

Du er kva du et, eller?

Vi lev i ein jungel av kosthaldsråd. Uansett er dei alle einige om at kva vi et har mykje å seie for helsa vår. Professor Geir Sverre Braut har leia ekspertutvalet som i år la fram sine råd til oss. Bli klokare om råda forkosthald: «Tiltak som kan føre til eit betra kosthald og jamne ut sosiale forskjellar i kosthaldet» er tittelen på hans foredrag.

Ein ting er kva vi et, men kva tek vi utanom vanleg mat? Det har professor Monica Hermann forska på. Ho vil gjerne fortelje oss meir om kosttilskot: «Kostilskudd – en forundringspakke i pilleform».