Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avsluttar beredskapen

Helse Fonna avsluttar beredskapen som følgje av ekstremvêret "Jakob".

Magne Kydland
Publisert 30.10.2024
Sist oppdatert 01.11.2024
Kart
Kartet viser kva område som er mest utsett.

Oppdatering fredag ettermiddag: Helse Fonna har sidan onsdag kveld vore i grøn beredskap grunna ekstremvêret "Jakob", som i første rekkje har råka Ullensvang hardt. Beredskapen vart avslutta fredag ettermiddag, då det blir vurdert at vi har god kontroll på situasjonen. Drifta ved Odda sjukehus har heile tida gått som normalt, og vi har no tilgang til alle innbyggjarar i regionen.

Torsdag og natt til fredag kom det ekstremt mykje regn, og farevarselet for jord- og flaumskred var sett til raudt nivå i deler av Ryfylke og Hardanger. Difor har vi vore godt førebudde om noko spesielt skulle skje i Ullensvang, Kvinnherad, Sauda eller Suldal. 

Det er framleis nokre ekstratiltak, blant anna er den prehospitale beredskapsgruppa aktiv inntil vidare, men det vert meldt om god kontroll på situasjonen. Difor går Helse Fonna no ut av beredskap.

Takk til alle involverte for god innsats!