Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gjekk frå 400 til 0 ventande pasientar

Pasientane ved Øyepoliklinikken på Haugesund sjukehus får no raskare behandling enn tidlegare.

Anne Grethe Nilsen
Publisert 02.09.2024
Sist oppdatert 13.09.2024
En person som bruker et mikroskop
Illustrasjonsbilde. Foto: Anne Grethe Nilsen

På eitt år har klinikken kutta ventelista heilt for pasientar som treng kontroll og behandling for grøn stær, ein kronisk og livslang augesjukdom.

Ønskjer å gi raskare behandling

– Dette er vinn-vinn for alle, seier Elvisa Selimovic. Ho er funksjonsleiar og driftsansvarleg ved avdelinga på Haugesund sjukehus.

Og det er sanneleg vinn-vinn.

– Legane får hjelpe fleire pasientar som treng rask behandling, sjukepleiarane får auka kompetansen sin med nye oppgåver og pasientane får den hjelpa dei treng raskare.

Rydda i eige hus

Poliklinikken hadde tidlegare ei lang venteliste for behandling av grøn stær eller undersøking der det var mistanke om sjukdom. Då tok dei tak i eigne arbeidsprosessar for å få ned ventetida.

– Vi har innført eit nytt system der vi vurderer pasientar etter alvorsgrad, slik at dei som treng rask og nødvendig behandling får det så snart som mogeleg. For dei som har grøn stær kan det få alvorlege konsekvensar for synet viss det ikkje blir oppdaga forandringar i tide, forklarar Selimovic.

– Dei som vi vurderer som mindre alvorlege blir følgt opp av sjukepleiarar gjennom eit eigenutvikla screeningprogram. Då får legen raskare tilgang til pasientar som treng naudsynt behandling, og også meir tid til dei.

Men sjølv om det blir meir tid til den enkelte er faktisk effektiviteten mykje større.

– Med dei nye arbeidsrutinane får legane behandla tre pasientar på same tida det før tok å behandle ein pasient.

Et par kvinner i et rom
Funksjonsleiar Elvisa Selimovic og overlege Olga Caprian har vore pådrivarene i arbeidet med å kutte ned ventetida for pasientar på Øyepoliklinikken. Foto: Anne Grethe Nilsen

I tillegg bruker Øyepoliklinikken aktivt kort-varsel lister for å få ned ventetida.

– Ved å fylle alle ledige timar fortløpande, nyttar vi kapasiteten vår maksimalt. Det betyr at viss nokon endrar timen sin, så ringer vi pasientar som kan kome på kort varsel, seier ho.

Eit nasjonalt ventetidsløft

Det dei gjer på Øyepoliklinikken er eitt av fleire effektiviseringsprosjekt ved Helse Fonna og «Ventetidsløftet» til regjeringa ligg bak.

Eit av hovudmåla i denne satsinga er å sikre rask tilgang til helse- og omsorgstenester i heile landet blant anna gjennom innovative arbeidsprosessar, digitalisering og rett bruk av personell.

Noko dei i alle fall har klart ved augeavdelinga i fjerde etasje.

En gruppe personer i et rom

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre fekk informasjon om den gode jobben dei gjer på augeavdelinga då han i sist veke var på besøk på Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel.

Tilbyr ny behandling i Haugesund

Øyepoliklinikken ved Haugesund sjukehus tilbyr fra mars i år også operasjon av grøn stær.

– Dette er eit nytt tilbod som gjer at pasientar ikkje treng å dra utanbys. Vi ser at det er mange som treng denne operasjonen, så vi er glade for at vi no kan tilby behandlingen lokalt for pasientane våre, seier Selimovic.

Fakta om Augeavdelinga

  • Årleg behandlar augepoliklinikken ved Haugesund sjukehus om lag 13 000 pasientar.
  • Dei 23 som jobbar her er augelegar, sjukepleiarar, sekretærar, ortoptist og optikar.