Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Å vinne Arbeidsmiljøprisen 2024 må vere perfekt opplading til julebordet, meinte vinnaren

Av dei åtte kandidatane i år var det Kirurgisk og medisinsk poliklinikk i Odda som til slutt stod igjen som vinnar. Gratulerer!

Eirik Dankel
Publisert 06.12.2024
Sist oppdatert 13.02.2025
En mann og en kvinne som står foran en skjerm
Funsjonsleiar Anita Narheim fekk både blomar, sjekk og diplom som vinnarbevis. Dei blei utdelt av hovudverneombod Randi Broch Guddal og administrerande direktør Anders Hovland. Bak står avdelingsleiar Kari Marie Tjelmeland og på veggen klinikkdirektør John Conrad Brandsø. (Alle foto: Eirik Dankel)

– Har du høyrt det?

Ei oppglødd stemme høyrast i gangen.

– Kva då, svarar ei anna.

– Vi har vunne arbeidsmiljøprisen, kjem det frå den glade stemma.

– Kven?

–  Vi, vel. Alle oss.

– Næh!

Ei perfekt opplading til julebord

Denne fredagen skulle det skje noko om ettermiddagen blei det sagt på morgonmøtet. Alle skulle ta turen til møterommet i første høgda klokka halv to.

– I alle fall at det blei marsipankake, seier avdelingsleiar Kari Marie Tjelmeland.

Det er ikkje ein lett jobb å samle flokken ein fredag etter tolv. Men litt etter litt finn mange vegen ned. Etterpå er det mildt sagt god stemning.

– Dette hadde eg aldri trudd, seier sjukepleiar Siv Kolve Brattespe etter utdelinga.

Den oppfatninga deler ho nok med mange av kollegaene sine.

– Ei perfekt opplading til julebordet i kveld, meiner funksjonsleiar Anita Narheim.

Di for vann dei

– Vi har så mange gode søkjarar, men dette var kandidaten som skilte seg ekstra ut i år, forklarar Randi Broch Guddal, føretakshovudverneombod og leiar for Arbeidsmiljøutvalet (AMU).

Skryt fekk dei også av administrerande direktør Anders Hovland og klinikkdirektør John Conrad Brandsø

Arbeidsmiljøprisen er jo ein glimrande moglegheit å skryte litt av seg sjølv. Og det er ein god ting.

– Det er veldig kjekt å lese søknadane om kor bra du og kollegaene dine har det på jobb, og korleis de jobbar systematisk med HMS-arbeidet. Det set vi i AMU stor pris på.

For å vinne ligg det eige kriterium, forklarar Guddal. Særleg har gjengen i Odda skåra godt på følgjande:

  • Det kjem tydeleg fram korleis dei arbeider systematisk med HMS-arbeid.
  • Poliklinikken har identifisert trivselsfaktorar, både sosiale og organisatoriske.
  • Dei har kultur for å lære av kvarandre og deler dette.
  • HMS er fast på personalmøta og dei arbeidar stadig med forbetring.
  • I søknaden har dei vist til konkrete eksempel på forbetring som er gjennomført.
  • Medarbeidarar blir sett og høyrt og det er lagt til rette for ulike grupper.
  • Samarbeidet mellom leiar og verneombod fungerer godt og verneombod er inkludert i det systematiske HMS-arbeidet.
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Kva skjer etter at feiringa er over? Då feirast det litt til. Her på pauserommet.