Fokus på Fonna-familien
Å byggje eit sterkt lag og utnytte kapasiteten på tvers av lokasjonar vil gje betre finansiering og kvalitet på tenestene, meiner adm. dir og styreleiar i Helse Fonna.
Publisert 26.05.2023
Sist oppdatert 13.09.2024
Økonomien skal ikkje stå i vegen for eit godt tenestetilbod og vidare utvikling, slår administrerande direktør og styreleiar i Helse Fonna fast.
Eitt lag: Styreleiar Petter Steen jr. (t.v.) og adm. dir. Anders Hovland vil byggje meir lag på tvers av lokasjonane i Helse Fonna-regionen.
– Vi skal bli verdsmeistrar på samarbeid. Det vil gjere oss meir robuste, seier administrerande direktør Anders Hovland. Styreleiar Petter Steen jr. følgjer opp slik:
– Vi må snakke om Fonna-familien, ikkje Stord, Valen, Odda og Haugesund. Alt heng saman med alt, og saman er vi gode. Vi må utnytte totalkapasiteten betre, og ikkje sende pasientar ut av regionen. Det vil byggje lag, og gje oss betre finansiering. For å få dette til må vi ha med oss alle, seier Steen jr.
Nøgde med tiltaksplanen
Som tidlegare varsla, skulle styret i Helse Fonna diskutere vidare økonomiske tiltak for å få drifta til å gå i balanse. No er den endelege lista klar, og den inneheld alt frå redusert innleige av personell og betre utnytting av kapasiteten sjukehusa i mellom, til sparing av straum og mindre bruk av privat bil.
Dei siste punkta på lista gjer at ein kan spare sekssifra beløp, men det er først og fremst tre store postar som gjer at ein til saman kan få ei betring på over 70 millionar kroner i 2023: Reduksjon av innleige frå byrå, lågare kostnader knytt til Covid-19, og høgare inntekt som følgje av betre koding.
Kostnadene til innleige er på veg nedover. Dette skuldast ei rekkje ulike faktorar, men først og fremst at ein har fått rekruttert i ledige stillingar. Framover blir det stort fokus på å utdanne og behalde eigne spesialistar. Mindre aktivitet i sommarferien og ti nytilsette sjukepleiarar i trainee-stillingar vil også redusere bruk av innleige og overtid.
Med smått og stort presenterte administrasjonen ein tiltaksplan på 110 millionar kroner inneverande år. Styret gav ikkje berre full støtte til planen, men gav også ros for godt og grundig arbeid av administrasjonen.
– Veldig godt arbeid, og styret stiller seg fullt bak tiltaksplanen. Her er det jobba godt og systematisk, og dette har vi tru på, seier Steen jr.
Økonomisk langtidsplan fram til 2033 vart også behandla og samrøystes vedteken, utan dei store diskusjonane.
For lang ventetid
Rapporten for april syner at ventetida framleis er for lang på alle behandlingsområda med unntak av tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Avviket er størst for born og unge, kor kravet er 35 dagar, medan ventetida har vore rundt 60 dagar så langt i år.
– Sjølv om det blir gjort faglege prioriteringar innanfor ventetida, er det bekymringsfult at pasientane må vente så lenge i gjennomsnitt før dei kjem til. Også talet på fristbrot er høgt frå starten av året, men lågare enn føregåande år for de tre siste månadane. Det er på dei somatiske einingane at talet på fristbrot er klart størst, innanfor psykisk helsevern og TSB er det betydeleg færre, og ingen så langt innanfor psykisk helsevern for born og unge. Det er også eit monaleg tal pasientar som må få behandlinga si på korridor. Dette er ikkje ynskjeleg, og grunnane for dette må kartleggjast nærare. Dette heng dels saman med ei relativt høg del pasientar som er utskrivingsklare og venter på eit tilbod i kommunane, oppsummerer administrerande direktør Anders Hovland.
Innan somatikk var det i april 30 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Pasientane låg til saman 96 døgn. Hittil i år er det Stord, Karmøy og Tysvær som har hatt størst utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar.
Fleire får faste stillingar
Men det er også mykje positivt å melde. Blant anna at sjukefråværet har vore nedgåande dei første fire månadane av året. Det er også positivt at talet på faste stillingar aukar, samanlikna med midlertidige stillingar. Det same mønsteret gjeld også for heiltid og deltid, med auke i talet på heiltidsstillingar.
Rekneskapen for april viser eit negativt avvik på 20,9 millionar kroner. Avviket er knytt til høgare lønskostnad og høgare utgifter til gjestepasientar enn budsjettert, samtidig som pasientrelatert inntekt er lågare enn budsjettert.
– Det store økonomiske avviket for april syner den store utfordringa som framleis er knytt til drifta i føretaket. Føretaket har sett i verk tiltak som skal redusera kostnadane, og mange av desse er realisert eller i samsvar forventa periodisering så langt. Mellom anna er kostnader for innleige redusert vesentleg, men framlagt resultat syner at kostnadane for overtid og vikarbruk framleis er høg. Det er også lågare inntekter enn budsjettert med for perioden, slår Hovland fast.
Ingen alvorlege IKT-hendingar
Ein årleg gjennomgang av informasjonstryggleik er ein kontroll av status på tryggleiksnivået innan IKT i Helse Fonna, og om denne er i samsvar med føretaket sine behov og lovpålagte krav. Informasjonssikkerhetsleiar i føretaket, Ernst Hetland Larsen, står bak rapporten.
I oppsummeringa konkluderer sikkerheitsleiaren med at det ikkje er rapportert om alvorlege hendingar der person- og helseopplysningar har komme på avvege, men at det er registrert auke i rapporterte avvik og fleire av desse peikar på mindre eller større svikt i sentrale og IKT-løysingar for pasientbehandlinga, og dessutan manglande skjerming av pasient- /personopplysningar.
– Organisering av informasjonssikkerheit og personvern fungerer godt for Helse Fonna HF og samhandlinga mellom informasjonssikkerheitsansvarleg og personvernombod er god. Den auka aktiviteten utfordrar prioritering og saksbehandlingstid, heiter det i rapporten.
Styret fekk også informasjon om den årlege medarbeidarundersøkinga om arbeidsmiljø, kalla ForBetring. Her er resultata generelt sett gode, og Helse Fonna har nest høgast svarprosent blant føretaka i Helse Vest, med ein svarprosent på rundt 75 prosent.