Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Denne gjengen fekk arbeidsmiljøprisen

Avdeling for helsedata skilde seg ut blant dei 16 søkjarane.

Magne Kydland og Eirik Dankel
Publisert 27.11.2023
Sist oppdatert 13.09.2024
En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Endeleg var det Avdeling for helsedata sin tur til å få Arbeidsmiljøprisen i Helse Fonna. (Foto: Eirik Dankel)

Gjengen held til på Raglamyr i Haugesund, og det var også der utdelinga skjedde.

Der blei ein god og uvanleg start på veka for kollegaene. Noko forfjamsa samla dei seg i fellesarealet og fekk utdelt applaus og heider.

– Vi søkt mange gonger, så nå var det vår tur, seier avdelingsleiar Åse Lervik Steine og latteren fylde rommet.

– Nei da, vi er veldig glade for å vinne, og heile avdelinga skal ha æra for å få til dette. Tusen takk.

Et par kvinner poserer for et bilde
Avdelingsleiar Åse Lervik Steine (t.h.) og funksjonsleiar Elin Ulsund Hansen jublar for Arbeidsmiljøprisen. På bilde er også Rebekke Eide Torbjønrsen, Andreas Andreassen og Reidun Rasmussen Mjør. (Foto: Eirik Dankel) 

Rekordmange søkjarar

Alle avdelingar i Helse Fonna kan søke om Arbeidsmiljøprisen. I år var det heile 16 søkjarar.

Arbeidsmiljøutvalet meiner dette syner at mange er nøgde med arbeidsplassen sin. Dei ønskjer å få fram korleis jobbar målretta og systematisk med HMS-arbeid gjennom året.

– Det er veldig positivt at så mange har søkt. Det er eit teikn på at det vert arbeidd godt med arbeidsmiljøet ute i avdelingane, seier leiar av Arbeidsmiljøutvalet, Leif Terje Alvestad.

En mann og en kvinne som har sertifikat
Administrerande direktør Anders Hovland delte ut prisen. (Foto: Eirik Dankel)

– Glad og stolt 

Det er administrerande direktør Anders Hovland heilt einig i.

– Eg synst det er utruleg kjekt å sjå at det det blir gjort eit så godt og systematisk arbeid med arbeidsmiljø og HMS i Helse Fonna. Det er eg både glad for og stolt av.

Han fortsett:

– Dette arbeidet skjer i godt samarbeid mellom leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta, og det store talet på søknader viser at det er mange som er nøgde med arbeidsplassen sin i heile verksemda vår.

En gruppe personer som har et sertifikat
F.v.: Fagdirektør Andreas Andreassen, Torunn Solheim Skogland, Rebekka Eide Torbjørnsen, Elin Ulsund Hansen og Åse Lervik Steine. (Foto: Eirik Dankel)

Kvifor vann Avdeling for helsedata prisen?

AMU trekkjer fram desse punkta som grunngjeving for tildelinga: 

«Avdelinga har ein grundig og gjennomarbeidd søknad. Alle kriteria er svara ut og søknaden syner at avdelinga arbeider veldig godt med systematisk HMS-arbeid. Avdelinga har identifisert mange gode trivselsfaktorar og beskriv det gode arbeidsmiljøet sitt både med sosiale- og organisatoriske faktorar.

 Medarbeidarane brukar kvarandre og delar erfaring og kompetanse. Det gjev bredde og kvalitet i arbeidet. Leiar og verneombod har deltatt på HMS-kurs. Dei har ein plan om å ha årleg gjennomgang av, saman med BHT, tilrettelegging av arbeidsplassen og månadleg internundervisning med tema som er aktuelle for fag og HMS. 

Verneombod deltek i HMS arbeidet og har vore involvert i vurderingar på det fysiske arbeidsmiljøet, arbeidsbelastning og flytting. Avdelinga har nytta BHT både til førebygging og ved oppdukkande behov. Avdelinga har sett HMS-arbeidet i system, og det ser ut til å fungere veldig bra».