
- Å søke seg hit er lett, litt som å komme heim
I fjerde etasje er sengepost for gastrokirurgi og urologi. Dei deler gang, og om du vil kan du få erfaring frå begge fagfelta.
I fjerde etasje er sengepost for gastrokirurgi og urologi. Dei deler gang, og om du vil kan du få erfaring frå begge fagfelta.
Same kva fagfelt du vel kjem du aldri til å kjede deg.
– Kvar skal vi begynne? spør sjukepleiar Ann-Elin Bøe Fauskanger.
– Dagen i dag er ikkje lik den i går. Eller nokon andre.
Hanna Myhrer sakna akkurat det. Så mykje at ho kom tilbake etter å bytta jobb ei tid.
– Eg ser aldri på klokka for det er alltid noko du kan gjere. Her skjer det noko heile tida, vi er oppe i så mykje forskjellig.
Dette er Ann-Elin Bøe Fauskanger og Hanna Vestvik Myhrer. For dei er gastrokirurgisk- og urologisk sengepost ein skikkeleg bra arbeidsplass. Det er plass til deg også.
På sjukehuset går sjukehuskorridoren under namnet fire vest. Her er ei gruppe med urologiske pasientar og tre grupper gastrokirurgiske pasientar. Som sjukepleiar er du fast i ei av gruppene.
Dersom du vil kan du rullere og jobbe med begge fagfelta. Det gjer Hanna.
– Eg jobbar mest med urologi, men av og til bytar eg. Det er ganske herleg. Her får eg brukt mye av det eg lærte på studiet. Resten kjem etterkvart.
Men hjelp på vegen får du frå dei mange kollegaene du har, seier Ann-Elin.
– Uavhengig av fagfelt du skal jobbe med er det alltid nokon å spørje. Vi er mange på jobb her. Då er det alltid hjelp å få, om du er ny eller ikkje. Lista er lav og svar får du raskt. Du trenger ikkje lure lenge på kva du skal gjere i ein usikker situasjon.
Å vere ein del av gastrokirurgisk- og urologisk sengepost er berre ein god ting. Både fagleg og elles i livet, meiner funksjonsleiar Bodhild Karin Håkull.
– Eigne fagsjukepleiarar står for fagleg påfyll, og at du som er ny får oppfølginga du treng. Undervisingsdagar og simulering er fast i turnusen.
Turnusen, ja, der har du ein finger med i spillet.
– Hos oss har vi ønsketurnus og årsturnus. Det gjer at både du og vi kan legge til rette og planlegge.
– Hos oss har vi ønsketurnus og årsturnus. Det gjer at både du og vi kan legge til rette og planlegge.
Får du deg jobb her blir du med i ein stor gjeng.
– Vi er ein stor avdeling, men så lenge eg har vore her har miljøet alltid vore like bra, meiner Ann-Elin.
Det gjer Hanna også.
– Å søke seg tilbake hit var lett. Det var å komme heim igjen. Og no skal vi bli endå meir sosiale, hehe.
– Jaha?
– Vi har masse gøy, frå fredagslunsj til eigen festkomité og turar i lag. No tenkjer vi på å arrangere eigen fotballturnering. Lav terskel, så klart, det skal jo berre vere gøy.