Refusjon for tømmemiddel
Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmemiddel.
Slik får du refusjon for tømmemiddel
Nokre undersøkingar krev at du førebur deg ved å tømme tarmen. Det kan vere:
- Koloskopi
- Rektoskopi
- CT tykktarm
Ei tømming av tarmen krev bruk av eigne middel. Du som er pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan få igjen utlegg du har hatt til tømmemiddel.
- Du kan ta med kvittering for kjøpet og fylle inn refusjonsskjema når du er hos oss
- Bruk skjema du finn på denne sida og send inn via edialog
Bruk av skjema og innsending digitalt
- Skriv ut skjema for refusjon (PDF) og fyll ut
- Legg ved dokumentasjon – vi treng innkallingsbrev og kvittering frå apotek. Du kan bruke kamera på mobilen din for å skanne dei
- Send inn skjema via edialog
Vi vil refundere utlegg til tarmtømmingsmiddel så snart som mogeleg.
Last updated 2/15/2024