Brukarstøtte
I samband med bruk av behandlingsprogramma i eBehandling kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga. På denne sida vil vi forsøke å hjelpe deg med dette.
Dersom det er tekniske feil eller problem i samband med behandlinga er det viktig at desse kjem fram til oss.
For at vi best skal kunne hjelpe deg, må du sende ei best mogeleg beskriving av problemet som har oppstått. Ta også gjerne eit skjermbilde av feilen/problemet. Lim skjermbildet inn i ein epost og send den saman med beskriving av problemet til eBehandling@helse-fonna.no.
Sensitiv informasjon (f.eks. informasjon om deg eller personnummer) ikkje skal sendes på epost.
Last updated 12/17/2024