Ultralydundersøkelse av barn
Dette er ei undersøking som nyttar ultralyd til å stille diagnose eller kartleggje sjukdom. Undersøkinga skjer ved at legen bruker eit utralydkamera (ein probe) med gelé på det området som skal undersøkjast. Undersøkinga er ikkje smertefull.
Tilvising og vurdering
Det er legen til barnet sender tilvisinga.
Før
Det er viktig at barn og unge som skal til ultralyd er godt førebudde, og då er det fint om du som forelder/føresett snakkar med barnet om undersøkinga. Informasjon og samtale bidreg til tryggleik hos barnet.
Viktige førebuingar
Nokre ultralydundersøkingar krev førebuingar, og det er viktig at desse blir følgde for å få ei vellykka undersøking.
Under
Ultralydundersøkinga blir utført i eit ganske mørkt rom der barnet ligg på ein undersøkingsbenk. Det blir brukt ein gelé mellom ultralydapparatet og huda for å lage ultralydbilete.
Vi tek fleire bilete, og det er viktig at barnet ligg roleg slik at bileta blir gode og tydelege. Foreldre/føresette kan vere saman med barnet under heile undersøkinga. For å sikre ro og god kvalitet ser vi helst at søsken ikkje følgjer med til undersøkinga.

Vi fokuserer på at alle barn skal bli sett og høyrde hos oss.

Ved ultralydundersøkinga bruker vi ein gelé og ein ultralydprobe. Denne geleen blir varma opp på førehand, men kan kjennast litt våt og klissete på huda.

Ved å føre dette ultralydprobeinet over det området av kroppen vi ønskjer å undersøkje, får vi bilete på ein skjerm som legen kan sjå på.

Dersom det er ønske om det, kan vi forklare litt om bileta undervegs.

Foreldre/føresette kan vere med under heile undersøkinga. Dette er ein stor tryggleik for barnet.

Alle barn får med seg ein liten premie etter at vi er ferdige.
Alle foto: Sjukehuset Østfold
Etter
Når ultralydundersøkinga er ferdig, kan barnet reise heim. Bileta blir beskrivne av ein radiolog (røntgenlege) og svaret blir sendt tilvisande lege.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund