Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Røntgen transittid

Transittid, tykk og -endetarm, nynorsk

Undersøkinga måler passasjetida av avføring gjennom tjukk- og endetarm. Samtidig kan ein sjå om det er opphoping av avføring i ulike avsnitt av tarmen.

Undersøkinga kan vere av nytte for pasientar med magesmerter, oppblåsenheit og andre teikn til forstopping, som for eksempel  diaré. Undersøkinga blir brukt til å påvise forstopping, og alvorsgrada av denne.

Før

  • Du vil få 1 brett med 7 kapslar fylt med plastmarkørar og ei rettleiing for dette. Les rettleiinga grundig før du startar.
  • 1 kapsel blir svelgd dagleg i 5 dagar – helst nokolunde same tid på døgnet.
  • Den 6. dagen blir svelgt til saman 2 kapslar.
  • Den 7. dagen blir eit røntgenbilde tatt (røntgenoversikt av mage).
  • Avføringsmiddel må ikkje takast i undersøkingsveka. Du kan elles ete og drikke som normalt.

Under

Det blir tatt røntgenbilde over magen på dag 7. Undersøkinga tar eit par minutt og er heilt smertefrie.

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Resultatet blir sendt til tilvisande lege.

Ver merksam

Plastmarkørane er svært små, og passerer umerkande gjennom tarmen. Stråledosen som blir brukt ved røntgenbildet er svært liten.

Kontakt