Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Temporær pacemaker

Ein temporær pacemaker blir brukt hos pasientar som er innlagde på sjukehus med ekstremt låg puls. Via ei blodåre legg vi ein leidning til hjartet som blir kopla til eit pacemakerapparat utanfor kroppen. Ved langsam puls, gir den temporære pacemakeren elektriske signal som får hjartet til å slå hurtigare.

Symptom

Ein temporær pacemaker er eit apparat som overvaker hjarterytmen og gir behandling dersom pulsen blir for langsam. Vi tilbyr behandling med temporær pacemaker til pasientar som har ein langsam hjarterytme som kan vere forbigåande, til dømes langsam puls etter ein hjarteoperasjon eller eit hjarteinfarkt. Vi nyttar også temporær pacemaker som eit akutthjelp-tiltak i påvente av innlegging av permanent pacemaker.

Langsam puls gir ofte symptom som svimmelheit eller avsviming. Den temporære pacemakeren stimulerer hjartet til å slå fleire slag per minutt, slik at desse symptoma sviktar.

Pacemakerleidningar blir også lagde i samband med ein hjarteoperasjon, som oftast legg vi då 2-4 leidningar utanpå sjølve hjartemuskelen.

Før

Det er som oftast ikkje mogleg å førebu seg fordi behandlinga skjer kort etter at behovet for temporær pacemaker er påvist.

Under

Du ligg på ein benk og blir dekt over med steril duk. Du vil vere vaken, og både lege og sjukepleiar snakkar til deg og forklarer kva som skjer undervegs. Vanlegvis legg vi ein tynn leidning opp til hjartet frå ei blodåre i lysken eller halsen. Du får lokalbedøving før dette skjer. Vi nyttar gjennomlysing med røntgenstrålar når vi skal plassere leidningen på rett stad i hjartet. Den andre enden av leidningen, som kjem ut av blodåra i lysken eller halsen, blir så kopla til det temporære pacemakerapparatet som ligg utanfor kroppen. Det blir sett ein bandasje over leidningane.

Legen stiller inn pacemakeren slik at han passar hjarterytmen din best mogleg. Dette gjeld både kor fort hjartet skal slå og kor sterke dei elektriske signala som får hjartet til å trekkje seg saman, skal vere. Signala er så svake at du ikkje merkar desse.

Dersom årsaka til langsam puls er eit akutt hjarteinfarkt, skjer ofte innlegging av temporær pacemaker i samband med koronar angiografi og PCI.

Pacemakerleidningar legg vi også i samband med ein hjarteoperasjon, som oftast blir då leidningane lagde utanpå sjølve hjartemuskelen. Dersom pulsen blir langsam, kan leidningane enkelt bli kopla til ein temporær pacemaker utanfor kroppen. Vi trekkjer leidningane ut etter nokre dagar, som oftast utan større ubehag.

Det tek inntil éin time å leggje inn leidningar til ein temporær pacemaker.

Etter

Når leidningen er på plass og pacemakeren er innstilt, blir du transportert i seng til avdelinga. Der blir hjarterytmen overvakt heile tida for å sjå at pacemakeren fungerer normalt, og om det er ditt hjarte eller pacemakeren som styrer pulsen.

Behandlinga vil vare så lenge legen meiner det er nødvendig. Det er berre legen som gjer innstillingar på pacemakerapparatet.

Ver merksam

Det kan oppstå bløding i lysken, der leidningen går inn i blodåra, og det kan bli betennelse i området. Vi vil følgje med på dette.

Du må passe på at det ikkje blir drag i leidningen som går inn i lysken. Derfor må du halde senga, eventuelt berre vere i svært lett rørsle. Dersom leidningen er lagd inn på halsen eller utanpå sjølve hjartemuskelen, kan du vere oppe.

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk intermediær overvaking (MIO)

Kontakt Medisinsk intermediær overvaking (MIO)

Oppmøtestad

MIO held til i Vestblokka. Gå inn hovudinngangen på Haugesund sjukehus, ta heisen ved Narvesen kiosken til 2. etasje. Gå til høgre og ring på ringeklokka. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.