Skjelettscintigrafi, vaksen – nukleærmedisinsk undersøking av skjelettet
Ved skjelettscintigrafi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som inneheld fosfat. Når stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det tatt opp i skjelettet. Vi tar bilete med eit gammakamera, eventuelt supplerande SPECT/CT, for å sjå fordelinga av det radioaktive stoffet i kroppen din. På denne måten kan vi påvise ulike forandringar i skjelettet.
Skjelettscintigrafi er den mest brukte metoden innan nukleærmedisin for å påvise spreiing av kreft til skjelettet. Vi kan sjå kor pasienten er i sjukdomsforløpet (stadieinndeling) og kan bestemme kva behandling som passer best. Metoden kan også brukast ved utgreiing av skjelettsymptom etter skadar, eller ved infeksjons/inflammasjonstilstandar.
Før
Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les difor brevet grundig.
Dersom du ikkje kan møte til time, ber vi om at du gir beskjed så raskt som mogeleg.
Dersom du er gravid, kan vere gravid eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogeleg. Ved graviditet eller amming kan ein i dei fleste tilfelle ikkje gjennomføre undersøkinga.
Viktige førebuingar
- Den dagen du skal til undersøking skal du drikke mykje og tisse ofte. Ta med deg ekstra kateterutstyr eller bleier viss du bruker dette til vanleg.
- Dersom du har sterke smerter som gjer det vanskeleg å ligge i ro over lengre tid, bør du ta med deg smertestillande medisin.
- Ta med deg roande medisin dersom du er sterkt plaga med klaustrofobi. Ver merksam på at du då ikkje kan køyre bil etterpå.
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følge til undersøkinga.
- Ver vennleg å ikkje ha på smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking.
- Du kan ete og ta medisinane dine som vanleg.
Under
Du får ein kanyle i arma, og gjennom denne får du eit sporstoff i blodet. Stoffet er sett saman av ein fosfatforbinding merka med ei lita mengde radioaktivitet som blir tatt opp i skjelettet. I nokre tilfelle blir det tatt bilete når vi set inn sporstoffet, men som oftast tar det 2–5 timar før vi tar bileta. Du får informasjon om når bileta skal takast, og du treng ikkje å opphalde deg i avdelinga i ventetida.
Det radioaktive stoffet blir skilt ut i urinen, og det er difor viktig at du drikk minst 1 liter vatn mens du ventar på at bileta skal takast. Du bør tisse/tømme kateterposen så ofte som mogeleg. Dei siste 5–10 minutta før billedtakinga blir du bedt om å tisse/tømme kateterposen for å oppnå god kvalitet på bileta, men også for at du lettare skal kunne ligge i ro.
Bildetakinga tar 15–45 minutt, avhengig av problemstillinga. Du må ligge stille på kamerabenken under billedtakinga.
Nokre gonger tar vi samstundes ein CT med kontrast.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim.
Det tar nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.
Bileta blir etterbehandla og vurdert av lege ved nukleærmedisin. Legen som tilviste deg får resultatet tilsendt skriftleg.