Skjelettscintigrafi, barn – nukleærmedisinsk undersøking av skjelettet
Ved skjelettscintigrafi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som inneheld fosfat. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det bli teke opp i skjelettet. Ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT/CT vil vi kunne ta bilete av fordelinga av det radioaktivtmerkte stoffet. På denne måten kan vi påvise ulike forandringar i skjelettet.
Om undersøkinga
Skjelettscintigrafi kan brukast ved utgreiing av symptom frå skjelettet etter skadar, ved infeksjon eller betennelsestilstandar (inflammasjon). Det blir også brukt for å sjå etter spreiing av kreft til skjelettet.
Før
Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her finn de informasjon som er viktig for undersøkinga.
Om de ikkje kan møte til timen, må de gi beskjed om dette så fort som mogleg etter dykk har fått innkallingsbrevet.
Viktige førebuingar
- På undersøkingsdagen skal barnet drikke mykje og tisse/skifte bleie ofte, og de bør ta med kateterutstyr eller bleier om barnet bruker dette til vanleg.
- Ta gjerne med ei leike/bamse/bok barnet er glad i.
- Barnet kan ete og ta eventuelle medisinar som vanleg.
Under
Ved oppmøte ved nukleærmedisin vil vi først setje eit sporstoff inn i ei blodåre i armen. Dette består av eit fosfatsamband merka med ei lita mengd radioaktivitet som vil takast opp i skjelettet. I nokre tilfelle blir det også teke bilete medan barnet får sporstoffet, men som oftast skal det gå 2–5 timar før bileta blir tekne. De vil få informasjon om når bileta skal takast, og de treng ikkje å opphalde dykk i avdelinga i ventetida.
Det radioaktive stoffet skilst ut i urin, derfor er det viktig at barnet drikk rikeleg og tissar / skiftar bleie ofte i desse timane. Det er også viktig at barnet prøver å tisse / skifte bleie rett før vi skal ta bileta. Dette er viktig hovudsakleg for at vi skal få god kvalitet på bileta, men også for at barnet skal klare å liggje stille medan vi tek bilete.
Sjølve biletopptaket kan ta totalt 15–30 minutt. Det er viktig at barnet ligg stille medan bileta blir tekne. Foreldre kan vere til stades i rommet heile tida under bilettakinga. I mange tilfelle kan det vere nødvendig å hjelpe barnet til å liggje stille. Personalet vil gjere sitt ytste for at undersøkinga skal bli god nok, samtidig som opplevinga til barnet skal bli så god som mogleg.
Etter
De kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Det er viktig å gi barnet rikeleg med drikke også i etterkant av undersøkinga.
Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svaret blir sendt legen som har vist barnet til undersøkinga.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund