Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skåldeskade

Hos barn er skåldeskadar den vanlegaste forma for brannskade. Skadane kjem som oftast av at pasienten får varm væske i form av kaffi, tevatn eller liknande, over seg. I nokre tilfelle skjer det på grunn av for høg temperatur på springvatn, badevatn og liknande.

Overfladiske brannskader rammer de øverste lagene i huden. De kan være svært smertefulle, men gror vanligvis uten arrdannelse. Nedkjøling under rennende vann begrenser skaden og er smertestillende.

Les meir på helsenorge.no

Store skåldingsskadar blir oftast behandla på sjukehus

Skåldeskadar utgjer ein stor del av brannskadane som treng sjukehusbehandling. Mange av desse skadane kan heldigvis gro konservativt, det vil seie utan behov for operasjon. Men det er då svært viktig å kunne gjennomføre god behandling av såra og unngå infeksjonar i dei.

Alle større skåldeskadar (meir enn ei handflate) bør sjekkast av lege og som oftast leggjast inn på sjukehus. Spesielt gjeld dette hos små barn.

Skadar som overstig 5 prosent av kroppsarealet hos barn og 10 prosent av kroppsarealet hos vaksne bør vurderast for behandling ved Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Store skåldeskadar som omfattar meir enn 15-20 prosent av kroppsoverflata er potensielt livstrugande og må straks takast hand om av kvalifisert helsepersonell.

Tilvising og vurdering

Pasientar med alvorlege brannskadar blir lagde direkte inn på sjukehus og treng inga tilvising. Ring 113 og du vil få hjelp vidare derifrå.

For mindre skadar blir pasienten ofte tilvist vidare frå fastlege eller legevakt om dei finn det mest tenleg at skaden blir behandla på sjukehus.

Det vil ikkje vere snakk om ventetid før ein slepp til for behandling av akutte brannskadar, men ved mindre problemstillingar lyt ein gjerne vente til dagtid eller neste kvardag før vidare oppfølging ved sjukehus.

Dersom det er praktisk mogleg, er mottakande sjukehus svært glad for mest mogleg informasjon om pasienten og ulykka. Viktige moment er: 

  • Kva har hendt?
  • Når hendte det?
  • Kor stor er skaden
  • Kva type skade er det
  • Andre skadar
  • Muligheit for røykskade/inhalasjonsskade
  • Er det utført førstehjelp og/eller nedkjøling?

Dei mest omfattande skadane vil verte overflytta til Brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Her kan du lese når du bør ta kontakt med dei.  

Utredning

Når pasienten kjem på sjukehuset med ein skåldeskade eller annan brannskade vil pasienten med éin gong bli møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil dei gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.

Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om han er så djup at han må opererast eller om det er mogleg at skaden kan gro av seg sjølv. Det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av overflata på huda til pasienten som er skada. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi tilførsel av væske tidleg ved store skadar.

Derfor er det viktig at ein kan undersøkje heile overflata på huda til pasienten og ein ønskjer gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten blir kjølt ned.

Utgreiing og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjorde i løpet av eit par timar, men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døgn etter første undersøking. Ved skåldeskadar vil ofte djupna av skaden vere heilt i grenseland for om det er behov for operasjon. Det gjer at ein ofte vil behandle desse skadane konservativt med gjentekne stell av såra i 10-14 dagar før ein endeleg bestemmer seg for om det er behov for å operere delar av skadane.

Behandling

Behandlinga av skåldeskadar består hovudsakleg av konservativ behandling, det vil seie gjentatte stell av såra eller operativ behandling, det vil seie operasjon med fjerning av forbrent vev og dekking av sår med «delhudstransplantat». I tillegg vil ein ha behov for fysioterapi under heile behandlingsforløpet.

Ofte vil ein ved skåldeskadane starte med konservativ behandling og eventuelt operere gjenståande sår som ikkje gror. Ein ventar gjerne 2-3 veker før ein opererer desse skadane.

Skåldeskadar som gror av seg sjølv treng gjerne 2- 3 veker på å hele. For djupare skadar vil behandlingslengda variere meir, men det tek gjerne meir enn éin månad før pasienten er klar for heimreise ved større skadar. Mindre skadar kan ofte behandlast poliklinisk med sårskift 1-2 gonger per veke.

Oppfølging

Dersom pasienten har attverande sår eller har behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, vil ein bli følgt opp ved poliklinikken på sjukehuset. Tida for oppfølging varierer mykje ut frå kva skade pasienten har hatt.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.