Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ryggbrudd, torakalkolumna

Traumatiske ryggbrot oppstår vanlegvis som følge av fall frå høgder, trafikkulykker eller i samband med annan aktivitet der høgenergi er involvert (stå på ski, trefelling, klemskade eller lignande). Menn er oftare utsett for ryggbrot enn kvinner, og dei fleste som blir utsett for desse skadane er enten i 20-åra eller i 50-åra. I Noreg er det om lag 15 personar per 10.000 som får ryggbrot per år, og cirka halvparten av desse blir operert.

Brot forårsaka av beinskjørheit

Dei fleste traumatiske ryggbrot er lokalisert i overgangen mellom brystdelen av ryggen og korsryggen (TH12 til L2). Mange eldre kan få ryggbrot etter mindre påkjenningar eller fall, og for denne pasientgruppa er beinskjørheit (osteoporose) ofte ein bakanforliggande årsak. Brot som er forårsaka av beinskjørheit blir behandla på ein annan måte enn ryggbrot som er forårsaka av traume. Den viktigaste behandlinga for brot forårsaka av beinskjørheit er adekvat osteoporose behandling for å minske risikoen for nye brot.


 

Utredning

Etter eit traumatisk ryggbrot, kjem du til akuttmottak på legevakt eller sjukehus. Om det er mistanke om ryggbrot, skal du vere sengeliggande og ikkje sitte eller gå før omfanget av ryggbrotet er avklart.

Du blir undersøkt av lege. Det blir tatt blodprøvar, røntgen og CT-bilder. I nokon tilfelle vil det vere nødvendig å ta MR-bilder som ledd i vurderinga.

Behandling

Ikkje alle ryggbrot krev operasjon eller anna behandling. Behandlinga av brotet kan variere avhengig av skademåte, skadeomfang, kva røntgenbilda viser (stabilt / ustabilt brot), lokalisasjon av brotet og symptom (smerter, nerveskade etc.).

Det er i hovudsak 3 måtar å behandle ryggbrot på:

  1. Smertelindring og mobilisering
  2. Konservativ behandling med korsett som avstivar og avlastat brotet, og dermed smertelindrar og mogleggjer mobilisering for tilheling
  3. Operativ behandling med avstiving med skruar og stag

Smertelindring og mobilisering

Som pasient vil du få instruksjonar frå fysioterapeuten om korleis du kan bevege deg på måtar som gir minst press på brotet, og dermed mindre smerter. Tidleg mobilisering gjer at du raskare vil få mindre smerter og komme i gang med daglegdagse aktivitetar.

Korsettbehandling

Eit ortopedisk korsett gir støtte til ryggen og minsker smertene mens brotet gror. Ein bruker vanlegvis eit 3-punktskorsett i behandling av ryggbrot. Under innlegging tar ein fysioterapeut mål, bestiller og tilpassar korsettet.

Ein skal ta av og på korsettet liggande i sengen, og bruke det når ein ikkje ligg. Korsettet tillèt alminneleg aktivitet, men det er viktig med høveleg balanse mellom aktivitet og kvile.

Korsettbehandling varer vanlegvis i 10 veker. Dei første 6 vekene skal ein bruke korsettet heile tida utanom når ein ligg i senga. Frå 6-10 veker skal korsettet gradvis brukast mindre, samstundes som ein skal trene etter instruksjonar frå fysioterapeut for å auke styrke og stabilitet i ryggen. Etter 10 veker kan ein starte med vanleg aktivitet utan restriksjonar.

Ved utskriving frå sjukehus får du med tilvising til fysioterapeut, med oppstart 6 veker etter skaden. Vanlegvis er det behov for smertestillande i 2-4 veker. Det er kontroll med røntgen etter 6 veker, 10 veker og 1 år etter skaden. Ved mykje plagar vil det vere behov for tettare oppfølging.

Ved korsettbehandling kan du dusje med korsett (3-punktskorsett) dei første 6 vekene. Det er lurt å dusje om kvelden og la korsettet tørke mens du søv.

En person som har på seg en grønn skjorte og et korsett
Trepunkts korsett bakfra
En person som har på seg en grønn skjorte og et korsett
Trepunkts korsett forfra
En person som har på seg en grønn skjorte og et korsett
Trepunks korsett fra siden

 

Operasjon

Nokon gonger er brotet av ein slik karakter at det må opererast grunna mangel på stabilitet, feilstilling og eventuell nerveskade. Ved operasjon skrur man inn skruar i ryggvirvelen over og under brotet, og festar metallstag mellom for å avstive brotet.

 

Røntgen - ryggbrudd

 

 

Dersom det blir avgjort at brotet bør opererast, vil du i nokon tilfelle komme raskt til operasjon. I andre tilfelle hastar det ikkje like mykje, og du kan måtte vente på operasjon enten til neste dag eller i fleire dagar.

Førebuingar ved operasjon

Like før, under og etter operasjonen får du førebyggjande antibiotika intravenøst (rett i blodet) for å motverke komplikasjon med infeksjon som kan oppstå når ein lagar eit snitt i huda og set metallimplantat i knoklane.

På grunn av at du blir sengeliggande i forbindelse med operasjonen, får du blodfortynnande medikament via sprøyter i magen for å hindre blodpropp, både før og etter operasjonen. 

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. 

Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

Etter operasjon

Når operasjonen er ferdig blir du liggande ein stund på oppvakningsavdelinga medan bedøvelsen går ut. Deretter blir du flytta over til sengepost.

Som ved andre behandlingar, er det viktig at ein kjem seg raskt på beina etter ein operasjon. Fysioterapeutar vil instruere deg og hjelpe deg i gong, men eigeninnsats og motivasjon er viktig. Dette minskar faren for komplikasjonar som infeksjonar og blodpropp, og rask mobilisering er viktig for det opererte brotet. Du vil bli behandla med smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.

Etterbehandling etter opererte ryggbrot

Kort tid etter operasjonen vil vi starte opptrening saman med fysioterapeut. Det er vanleg med smerter i starten, og dei fleste treng smertestillande til å begynne med. Dei første 6 vekene skal du ha eigenstyrt aktivitet på nivå med lett husarbeid. Unngå å bøye overkroppen. Vanlegvis treng du smertestillande i 2-4 veker.

Oppfølging

Ved utskriving får du tilvising til fysioterapeut, med oppstart 6 veker etter skaden. Det er kontrollar med røntgen etter 6-12 veker og 6 månader etter skaden. Ved mykje plagar vil det vere behov for meir og tettare oppfølging. Du kan dusje når såret er tørt.

Følgetilstandar ved ryggbrot

Det er ikkje uvanleg at ein får problem med å late vatnet (urinretensjon), dette pleier å komme seg etter nokre dagar. Nesten alle pasientar opplever forstopping grunna skaden, sengeleie og bruk av smertestillande. Derfor vil du dei første dagane få medisinar som hjelper å halde magen i gong, og du bør ete lett kost som supper og yoghurt.

Dei fleste pasientane blir om lag så friske som før skaden, men med moderate lokale plager bak i ryggen (stivheits- og trøyttleiksfølelse, ømheit og smerter). Det er ikkje sjeldan at ein får endra følelse rundt operasjonsarret på ryggen.

Dersom ryggbrotet gir nerveskade kan du oppleve mykje smerter og eit vedvarande funksjonstap.

Hos noen pasientar kan det vere aktuelt å fjerne implantata i ryggen. Det blir vurdert individuelt utifrå fleire faktorar (lokalisasjon av brotet, antall ryggbrot, eventuell løysing av implantatane, lokale plagar, alder på pasienten ect.

Komplikasjonsrisiko

Ved ryggbrot er det alltid ein viss fare for komplikasjonar:

  • Nervesmerte i låret (meralgia parestetika) på grunn av korsett ved konservativ behandling
  • Nerve-/karskade frå feilplasserte skruar ved gjennomgått operasjon
  • Tidleg sårinfeksjon etter operasjon
  • Lavgradig implantatinfeksjon
  • Nokon pasientar kan få blodpropp, uavhengig om du blir operert eller ikkje. Alle pasientar får blodfortynnande medisin for å redusere risikoen for dette.

Sjukmelding og arbeidsaktivitet

Vanlegvis er du innlagt på sjukehus i 4-7 dagar. Lengda på opphaldet varierer med skadeomfang, om du er operert, eventuelle nevrologiske utfall, smerter og eventuelle andre skadar.

Dei fleste vil trenge sjukmelding i minst 6 veker etter eit ryggbrot. Om du har tungt fysisk arbeid bør dette unngåast i 3 månadar.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.