Røntgen oversikt abdomen
Røntgen oversikt mage
Røntgen oversikt mage er nesten berre aktuell som akutt undersøking ved spørsmål om passasjehinder i tarm (tarmobstruksjon) eller fri luft, eventuell påvising av framandlekamar.
Før
Som regel ønsker vi at du ligg på venstre side i 10 minutt før bildetaking.
Du må ta bort utvendige metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og smykke frå undersøkingsområdet.
Under
Kva bilde som blir tatte, varierer ut frå problemstillinga og om du klarer å stå.
Om du klarer å halde pusten når vi tar røntgenbilde, får vi best mogleg bilde.
Undersøkinga tar 5–10 minutt og er smertefri.
Etter
Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga. Resultatet av undersøkinga kan du dessverre ikkje få med ein gong, da bilda skal granskast av ein røntgenlege.